Frå 1. januar aukar nettleiga med 2,5 øre/kWh. Det skriv Mørenett på sine nettsider.

For ein gjennomsnittshushald med eit årsforbruk på 20.000 kWh vil dette tilsvare 47 kroner per månad eller 565 kroner per år.

Ifølgje Mørenett er hovudårsaka til prisendringa at Statnett SF har auka nettleiga som Mørenett betalar for tilknyting med 31 % i 2018.

Mørenett skriv på sine nettsider at kraftbransjen er inne i ei investeringbølge som vil vare nokre år framover. Stort behov for fornying av gamalt nett kjem på toppen av at bransjen står ovanfor ei stor omstilling som følgje av satsing på fornybar energi og elektrifisering av transportsektoren og norsk sokkel.

Etter at den store investeringsbølga er over, ventar ein at nettleiga vil synke igjen.