Dersom du er nokolunde lærenæm og trottig, kan du allereie til jonsok varte opp med ein trekkspelvals på bryggekanten.

– Det kjem heilt an på kor flink du er, men du vil i alle fall ha lært å spele på trekkspelet med begge hender, slik at du kan legge på basstonar i tillegg til sjølve melodien, fortel Linda Nygård i Ulstein Trekkspelklubb.

Kurset går ut på å lære å spele melodiar med enkle arrangement, og det einaste kravet er at du har eit vanleg trekkspel til rådvelde.

Mangla eit tilbod

– Eg har fått ein del tilbakemeldingar frå vaksne om at dei gjerne skulle ha kunna spelt trekkspel, men at dei aldri har hatt tilbodet eller høvet til å lære det. Dei yngste har i dag eit tilbod om trekkspelundervisning gjennom kulturskulen, men vaksne manglar dette tilbodet, seier Nygård.

Trekkspelklubben sette difor i gang med kurs for eldre nybyrjarar sist haust.

– Kurset hadde ni deltakarar. Nokre var nybyrjarar, medan andre kunne litt frå før. Dei som hadde lyst fekk vere med å opptre saman med trekkspelklubben under musikkaféen på Reiten i slutten av november.

I midten av januar set Ulstein Trekkspelklubb i gang nytt kurs. Nokre av dei som var med på kurset i haust vert med vidare.

– Det vil bli litt opp til deltakarane sjølve korleis vi legg opp kurset, med tanke på kor ofte det vert undervisning og kor lenge utover våren kurset vil vare. Vi vil prøve å legge undervisninga til rette for kvar einskild elev, alt etter kva nivå den einskilde er på og kva ønskjer og mål dei har for undervisninga, seier Nygård.

Det er Kåre Jørve som vert instruktør. Jørve er lærar ved Ulstein kulturskule og er sjølv ein erfaren musikar med mange års erfaring frå trekkspelmiljøet.

Den som er interesserte i å vere med på kurset kan ta kontakt med Linda Nygård.