Eigenleg hadde Hareid kommune planar om å selje Myrtunet etter asylmottaket vart lagt ned. Men no vil kommunen heller leige ut bygningsmassen.

Det er inngått leigeavtale mellom Hareid kommune og Kleven Verft. I avtalen står det at dei vil leige 61 senger med fullt møblert hus, kvitevarer og tørketromlar og kjøkenutstyr skal vere på plass. Utleigar har også ansvar for å vaske to gonger i månaden og skifte på sengene annakvar veke. Utleigar skal også kjøpe inn toalettpapir, såpe, vaskemiddel og liknande. For det skal Kleven betale 228 750 kr i månaden. Det dekkjer straum, internett og liknande.

I avtalen står det at lokala skal nyttast til hybelhusvære for verftsarbeidarar.

For at avtalen skal gjelde må Hareid formannskap godkjenne avtalen på møte i dag. Saka skal også opp på kommunestyretmøtet like etterpå.