– Så definitivt. Det var ei utruleg spesiell oppleving. Eg var faktisk på eit stille der eg ikkje var så veldig lysten på å synge så mykje lenger. Eg hadde mista litt gneisten. Så fekk eg ein telefon, der eg blei oppmoda om å melde meg på The Voice, seier Karina.

Det gjorde ho, og det valet har ho ikkje angra på i det heile. Då ho diverre gjekk ut av konkurransen, var Karina blant dei 16 beste.

– Eg er veldig glad for at eg kom så langt, og er på ingen måte misfornøgd med at det enda der det gjorde. I dag er eg berre veldig sikker på at eg gjorde eit godt val då eg melde meg på. Eg må innrømme at eg har gråte mine gledestårer denne hausten av kor stort dette har vore for meg, seier ho smilande.

Heime i Ulstein kyrkje

Onsdag var Karina heime igjen, og song for ei fullsett kyrkje under ungdomsskulen si julegudsteneste.

– Dette er kjempekjekt. Det er her eg kjem frå, og det er alltid stor stas å kome heim. Kyrkja og kulturskulen i Ulstein har vore viktige arenaer for mi utvikling, og mykje av grunnlaget for der eg er i dag blei lagt her. Ekstra spesielt er det nok at mine to yngste søsken også sit i salen, sa Karina til Vikebladet Vestposten rett før ho skulle synge.

Frå ungdomsskuleelevane vanka det trampeklapp etter at ho hadde framført omsetjinga av Maria Mena sin vakre julesong «Home for Christmas», som på norsk heiter «Hjem til jul».

– Enormt takksam

Karina fortel at ho ikkje hadde klart seg så bra i konkurransen, hadde ho ikkje hatt den støtta ho har fått frå heimregionen.

– Det er ikkje gitt at folk likar det ein gjer på scena. Men for meg har dette vore ei fin reise, og at så mange her heime har valt å støtte meg og heie meg fram rører meg verkeleg. Til alle dykk som har stemt på meg, og som har hatt trua på meg, tusen hjarteleg takk! seier ho og legg til:

– Når eg tok eit slikt oppgjer med seg sjølv som eg gjorde i forkant av denne konkurransen, der det først kjendest unaturleg å skulle synge på ei scene, til å ende opp med å bli noko av det mest naturlege i verda, så er det mest av alt på grunn av all støtta eg fekk herifrå. Eg er berre så enormt takksam, seier Karina Pieroth til slutt.

Fredag kveld kan du sjå Karina i aksjon under julenattineen i Ulstein kyrkje.

Ho storkosar seg på juleferie heime i Ulsteinvik, Karina Pieroth. Det har vore ein travel, men veldig spanande haust for songaren, men det er ei samla oppleving ho aldri ville vore forutan. – Det gav meg tilbake viljen og gleda ved å synge, fortel Pieroth til Vikebladet Vestposten. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll
Under julegudstenesta til Ulstein ungdomsskule framførde Karina Pieroth den norske versjonen av Maria Mena sin store julesong-hit. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll
Her er Karina i aksjon på scena under den TV2-sendte songkonkurransen The Voice. Foto: Pressefoto/TV2.