Julefrukost i Holsekerdalen

Polske Wioleta og Birgitte Vik Wymer kom tilbake og song norske julesongar i Holsekerdalen 20.

Julefrukost: Onsdag var det julefrukost i Holsekerdalen 20 for bebuarar ved omsorgsbustadene i Holsekerdalen 20 og Ulshaugen. Birgitte Vik Wymer og Wioleta Bialak-Sikon gledde forsamlinga med song. Foto: innsendt

Julefrukost: Fint dekka langbord med julefrukost. Foto: innsendt

Nyhende

Lesarane våre hugsar kanskje den polske kvinna Wioleta Bialak-Sikon som lærte seg norsk gjennom song? Då ho song i Holsekerdalen 20 i sommar lovde ho å kome tilbake til jul å syngje julesongar, og det har ho no gjort.

Onsdag denne veka var ho tilbake i Holsekerdalen 20, i lag med læraren sin Birgitte Vik Wymer.

Wymer opplyser til Vikebladet Vestposten at alle var einige om at norsken til Wioleta (Violet) hadde blitt mykje betre. Dei to song seks songar i lag, ein på polsk. I tillegg hadde dei med seg ein gjest frå Polen som spelte fiolin, så det vart ekstra stemningsfylt.

Wioleta syng no i koret «Sirene».

Elles fortalde Hilde Petra Brungot julehistorie, Ingrid Nerhoel spelte til julesongane og ordførar Knut Erik Engh, rådmann Verner Larsen, kommunalsjef Marit Botnen og leiar for rådet for eldre og menneske med nedsatt funksjonsevne, Ottar Kaldhol var også til stade.