No senkar julefreden seg straks. Det har vore eit år med mange hendingar, også i dekningsområdet til Vikebladet Vestposten.

Ei av historiene som har gjort mest inntrykk på meg, er den om Ali frå Afghanistan. Historia hans illustrerer på mange måtar eit tema som er stort også nasjonalt og internasjonalt, nemleg flyktning- og asylpolitikken.

Ali var ein av 5840 einslege, mindreårige asylsøkjarar som kom hit til landet i 2015. Ifølgje tal frå UDI kom 65 prosent av desse frå Afghanistan. Ali kom til Noreg med eit ønske om å få ei mamma og ein pappa. Ein heim.

Han er ein av 140 mindreårige asylsøkjarar som har budd på asylmottaket på Hareid sidan det opna sommaren 2015. Svært få av desse 140 har fått opphald i Noreg. Ali er ein av dei. Og han er den einaste av dei 140 som framleis bur her i området.

Tenk litt på desse tala.

For Ali må det vere som å vinne i Lotto. Han har sett dei fleste andre likesinna forsvinne, anten fordi dei vert sende til heimlandet eller fordi dei sjølve har valt å reise til land som Tyskland og Frankrike. Ali har framleis kontakt med nokre av dei. – Dei søv på gata og er redde politiet, fortel han.

Ali får bli i Noreg. Han er den einaste frå Afghanistan i si klasse på Ressurssenteret på Hareid. Han som ikkje kunne lese og skrive tek no grunnskulen på to år. Biljard er den store lidenskapen og han har fått nokre norske venar. Og best av alt: han har fått ei mamma og ein pappa. Ein heim.

Julefreden senkar seg, vonleg også for dei som skal møtest i romjula for å behandle saka om eigedomsskatt i Ulstein. Trøysta må vere at eigedomsskatt betyr at du har ein heim. Trass alt.