Brann og politi:

Ber folk respektere forbodet mot naudbluss og naudrakettar

Brann og politi ber folk respektere forbodet som gjeld for bruk av naudbluss og naudrakettar. Dei ber også om at folk let vere å bruke kinesiske lanterner og at alle viser generell varsemd knytt til bruken av fyrverkeri generelt.

Slike ønskjer ikkje brannvesenet og politiet sjå i bruk, utan at det faktisk står om liv og død.  Foto: Arkiv.

Nyhende

Det kjem fram i ei pressemelding frå dei samlokaliserte 110- og 112-sentralane i Møre og Romsdal fredag morgon.

- Vi har alle ei plikt til å vise alminneleg aktsemd og opptre på ein måte som gjer at brann kan førebyggast, skriv 110- og 112-sentralane i meldinga.

Kan få store konsekvensar

Langs kysten har det vore tradisjon for at det blir tent på naudbluss eller sendt opp naudrakettar denne spesielle kvelden, men det er ulovleg. Naudbluss og naudrakettar er for naud og er ikkje tillate til bruk for nyttårsaftan.  Når dette likevel blir gjort kan det få store konsekvensar.

- Når ein naudrakett vert brukt ute på sjøen, når ein er i naud, er dei ikkje farleg. Fare oppstår fyrst når desse fallskjermrakettane landar i busetnad eller i skog og lyng.  Både naudbluss og naudrakettar  gir frå seg så mykje varme at dei til og med held fram å brenne under vatn, seier brannsjef Geir Thorsen i Møre og Romsdal 110-sentral KF.

- Naudbluss vert regelmessig skifta ut på grunn av bruksdato, men er framleis reiarlaga sin eigedom. I staden for å destruere det på sikkert vis, er vi kjende med at mannskap tek dette med heim som fyrverkeri på nyttårsaftan. Det er straffbart å bruke det på denne måten, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.

Risiko for å bli meld for falsk alarm

Tidlegare forklaring har vore at det vert trena på å skyte opp naudrakettar på nyttårsaftan og at det er bakgrunnen for tradisjonen med både å få og å bruke desse. Reiarlaga som deler ut naudbluss eller naudrakettar til sine tilsette har vorte oppmoda om å slutte med dette.  

- Ved brot på forskrifta kan ein straffast etter brann- og eksplosjonsvernlova og straffelova med bøter eller fengselsstraff på inntil tre månader. Skyt du opp naudbluss utan å vere i naud, risikerer du også å verte meld for å slå falsk alarm. Feil bruk kan utløyse unødige aksjonar og det er eit misbruk av eit viktig redningsmiddel, seier politiinspektør Skovly.

- I samanheng med naudbluss tek vi også med dei kinesiske lanternene. Dette er flygande bål som kan kome opp i 800 meters høgde og brenn i 20-40 minutt. Det kan falle brennande bitar og den kan segle fleire kilometer av garde. Når ei lanterne landar medan den enno brenn kan den starte brann både i hus og vegetasjon. Bruk er å sjå på som brot på den generelle varsemda ein skal vise etter brannlova og brannforskrifta, seier brannsjef Thorsen.


Fyrverkerireglane til brannvesenet

For din eigen tryggleik anbefalar brannvesenet at du følgjer fyrverkerireglane, for å unngå skadar på deg sjølv eller andre i nærleiken.


1. PLANLEGG OPPSKYTINGA I GOD TID

Finn ein eigna stad og rigg til for avfyring. Fyrverkeriet skal oppbevarast utilgjengeleg for born og uvedkomande.

2. LES BRUKSANVISINGA NØYE FØR BRUK

Set deg inn i produsenten sine anbefalingar, og legg merke til aldersgrensene. Det er 18 års aldersgrense for bruk av dei fleste typar fyrverkeri. Barn som bruker stjerneskot skal alltid passast godt på av ein vaksen.

3. KONTROLLER AT FYRVERKERIET IKKJE ER SKADA

Sjekk at fyrverkeriet er heilt og utan synlege skadar. Skada fyrverkeri skal ikkje brukast eller kastast i søpla, men leverast tilbake til forhandlaren.

4. SØRG FOR AT FYRVERKERIET IKKJE KAN VELTE

Bakkebatteri må plasserast på rett underlag og støttast opp.

5. BRUK TENNSTAV

Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller annan open flamme. Lunta er kort og ein flamme kan sette fyr på bakkebatteriet direkte. Bruk heller ein tennstav, den får du vanlegvis kjøpt der du kjøper fyrverkeri.

6. BRUK VERNEBRILLER

For å redusere augeskadar bør du bruke vernebriller. Det får du tak i der du kjøper fyrverkeri.

7. BØY DEG ALDRI OVER FYRVERKERI SOM ER TENT PÅ

Inne i fyrverkeriet er det ofte ei hurtiglunte som brenn svært raskt. Difor kan fyrverkeri avfyrast brått og uventa. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og kome deg på trygg avstand.

8. IKKJE TENN FYRVERKERIET PÅ NYTT DERSOM DET IKKJE TENNER VED FYRSTE FORSØK

Sjølv om lunta ser ut til å ha slokna, kan det vere ein liten glo som ulmar. Fyrverkeri som ikkje tenner ved fyrste forsøk skal stå i 30 minutt eller dynkast grundig i vatn før det fjernast. Det skal ikkje kastast i søpla, men leverast tilbake til forhandlar. Husk at barn gjerne nyttar nyårsdagen til å samle opp fyrverkeri, så rydd opp etter deg.

9. HOLD GOD AVSTAND FRA OPPSKYTINGA

Fyrverkeri inneheld eksplosiver som kan gje alvorlege skadar

10. ALKOHOL OG FYRVERKERI HØYRER IKKJE SAMAN

Med alkohol i blodet reagerer du saktare. Du får også dårlegare vurderingsevne.


Dersom skade:


Forbrenning:

1: Kjøl med 20 graders vatn i 20 minutt – Dekk til resten av kroppen med tepper eller liknande for å halde pasienten varm.

2: Ring 113 ved mistanke om alvorleg skade. Sjå og observer nøye – brannskadar kan sjå ufarlege ut rett etter ulukka.

3: Dekk til det utsette området med bandasjar/handklede – Plastfolie/Gladpack er eit godt alternativ! Ikkje bruk kremar (aloe vera) rett etter ein skade.

Augeskadar:

Oppsøk legevakt eller vakthavande lege.

Fingrar eller hender:

Stans blødninga, f.eks. med eit stramt handkle. Hald handa høgt. Tilkall hjelp så raskt som mogleg. Putt handa i ein rein, tørr pose. Legg posen i ein ny pose med isvatn eller isbitar. Ha den på til du kjem til legevakta/vakthavande lege.