49.000 frivillige:

Rydda 1.400 tonn marint avfall i 2017

Den årlege strandryddarrapporten viser at 49.000 nordmenn i 2017 rydda 1.374 tonn marint avfall frå over 2.200 kilometer. Det er ny rekord på alle punkt.

Jubla for fulle nett Det var nok heller eit trist syn alt det handballspelarane i Hødd handball fann i strandsona frå Osnessanden ut til Roppesanden, men jubelen var stor over alt dei fekk samla saman og tatt vekk frå stranda. Dette var den gode gjerninga handballgruppa til Hødd gjorde ved at dei var med i Tussa sin årvisse konkurranse Krafttaket, som kunne gje verdifulle kroner i klubbkassa.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

(NPK-NTB): – 2017 har sett ei formidabel utvikling, seier prosjektleiar Malin Jacob, som utarbeider strandryddarrapporten.

Talet på nordmenn registrert i Ryddeportalen har sidan 2016 auka med 163 prosent. Det har resultert i at 49.000 nordmenn på landsbasis har gjennomført 2.845 ryddeaksjonar.

– Gåsenebbkvalen som stranda på Sotra med magen full av plast, er utvilsamt hovudårsaka til denne formidable auken, men Miljødirektoratets tilskotsordning har også bidratt til denne svært positive utviklinga, seier dagleg leiar for Hold Norge Rent Lise Keilty Gulbransen.

Les også: - Sjå alt søppelet då!

Ryddeauke på 264 prosent

Totalt har frivillige fjerna 1.374 tonn marint avfall i 2017. Dette er ein auke på 264 prosent frå 2016.

Uidentifiserbar plast toppar funnlista. Dessutan kjem tau, isopor, drikkeflasker og drikkeboksar høgt opp på lista langs kysten. Isopor og drikkevareemballasje kjem også høgt opp på funnlista langs vassdrag og innsjøar. Under vatn ligg drikkevareemballasje øvst på funnlista.

– Forsøpling er dessverre også eit problem i innlandet langs vassdrag og innsjøar, og i åra som kjem må vi trappe opp ryddinga i desse områda, seier Gulbransen.