Ordføraren i Herøy kommune:

Takkar etter leiteaksjonen

I går, torsdag, vart det stadfesta at det var den 18 år gamle David Tarberg frå Moltustranda som torsdag føremiddag vart funnen omkomen like sør for Nautøya i Herøy.

Fungerande ordførar i Herøy kommune, Camilla Storøy.  Foto: Arkiv/Herøy kommune.

Nyhende

- Det er ei tragisk hending som har råka kommunen vår i jula. Tankane mine går til David sine nærmaste som har hatt svært krevjande dagar i uvisse. Dessverre fekk saka eit veldig trist utfall, men eg er takksam for at han vart funnen. Som ordførar set eg stor pris på den omfattande innsatsen som har vorte gjort i leitearbeidet, fortel fungerande ordførar i Herøy, Camilla Storøy.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Herøy kommune fredag.

Ordføraren vil sende ei takk til kvar og ein som har stilt opp desse juledagane.

- Takka mi går til bygdefolk, frivillige, Røde Kors (både lokale og tilreisande), Norske Redningshunder og til politiet. Takk til alle, både privatpersonar og offentlege ressursar som har gjort ein enorm innsats for å finne David, seier Camilla Storøy i pressemeldinga.

Kommunen tilbyr hjelp

Herøy kommune har ifølgje ordføraren vore godt informert av politiet gjennom heile aksjonen. Moltu skule og Einedalen skule har vore brukt som base for søksleiing og oppmøtestad for innsatspersonell.

- Herøy kommune tilbyr sjølvsagt hjelp til pårørande i denne situasjonen, og er det nokon som kjenner dei treng kommunen sitt psykososiale kriseteam eller noko anna frå kommunen si side, ber vi dei om å ta kontakt med oss. Eg håper lokalsamfunnet vil halde fram med å stille opp og stå samla vidare, avsluttar ein takksam ordførar.