Vil ha meir pengar til fyrverkeri

Både i Hareid og Ulstein trengst det meir pengar til fyrverkeri nyårsaftan.

Både Hareid og Ulstein skal markere overgangen til 2018. Foto: Arkivfoto

Nyhende

– Det har gått litt tregt, men litt betre no, seier ordførar i Hareid, Anders Riise, om pengeinnsamlinga.

Hareid kommune, Hareid IL og næringslaget har gått saman for å få til eit skikkeleg fyrverkeri i Hareid på nyttårsaftan.

– Vi håper på 60.000 kroner. Eg oppmodar alle til å bidra litt, slik at vi kan markere slutten på 100-årsjubileet på ein verdig måte, seier Riise.

Han håper også at dei som bur i kommunen vil kome til sentrum nyttårsaftan for å sjå fyrverkeriet kl. 22.00.

– Nokre lurer nok på kvifor vi ikkje tek det ved midnatt. Men dette skal vere eit familiearrangement, og så brukar vi same pyroteknikar som Ulstein. Difor tek vi det kl. 22, seier Riise.

I Ulstein er målet å samle inn 100.000 kroner til eit felles fyrverkeri. Leiar i Ulstein næringslag, Line Urke, fortel at målet snart er nådd.

– Ja, vi har bikka 90.000 kroner. Men det er framleis mogleg å gje pengar, faktisk heilt til og med nyttårsaftan. Og eg takkar alle som har gitt til no og dei som stiller opp og hjelper til, seier Urke.

I Ulstein skal fyrverkeriet skytast opp ved midnatt.