Mykje folk i Ulsteinbadet fyrste månaden:

– Ein skikkeleg pangstart

Ulsteinbadet har vore eit særs populært nytt innslag i Ulsteinvik og for regionen etter at det opna i byrjinga av desember.

6.000 besøkande: I løpet av desember månad har det vore over 6.000 besøkande innom Ulsteinbadet. Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes.

Hektisk – men kjekt Perly Pedersen (t.v.) og Marianne Veiseth fortel at det har vore hektisk sidan badeanlegget opna i byrjinga av desember. – Men først og fremst er det veldig kjekt at vi dagleg får så mange gode tilbakemeldingar frå folk. Dette er eit tilbod mange har ønskt seg, seier Perly Pedersen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Det har faktisk vore så populært at over 6.000 besøkande har vore innom så langt. I tillegg er 700 årskort og abonnement selde. Og dét på under éin månad.

– Vi er sjølvsagt svært godt fornøgd med besøket så langt, og dette er eit betydeleg høgare tal enn vi hadde venta. Vi kan ikkje anna enn å juble, seier kultursjef i Ulstein kommune, Leif Ringstad, til Vikebladet Vestposten.

Han fortel at ein har budsjettert med rundt 35.000 besøkande i 2018, og meiner talet på folk som har vore innom fyrste opningsmånaden, den siste i 2017, lovar bra med tanke på å nå målet for neste år.

– Det er nok god grunn til å tru det. Det hadde jo vore fantastisk om vi klarte å passere 50.000 besøkande, men vi får sjå med tida, seier Ringstad.

– Ikkje for dyrt

Då prisane på årskort og ulike abonnement blei klare førte det til diskusjon. Somme meinte prisane var for høge, andre meinte det burde vere såpass.

– Tilbakemeldingane vi har fått kring prisane er for det aller meste positive, både frå ulsteiningar og tilreisande frå andre kommunar. Eg trur dei fleste meiner det ikkje er for dyrt. Det viser seg også på kor mange årskort og abonnement som allereie er selde. Nokre har etterspurt klippekort, men eg trur det uansett løner seg best å kjøpe eit årskort.

– Skikkeleg trykk

Perly Pedersen, Marianne Veiseth og kollegaene har seld mange årskort og abonnement denne fyrste opningsmånaden.

– Det har vore bra trykk heile tida, ein skikkeleg pangstart! Det er veldig kjekt! seier dei to.

Perly Pedersen fortel at det er spesielt éi tilbakemelding ho får ofte i møte med badande.

– Det har ikkje gått ein einaste dag utan at nokon har sagt til meg at dei skal betale eigedomsskatten med glede, når dei no ser kva dei får igjen for det. Det har vore ein del negativitet kring dette bygget, men det er også viktig å få fram dei positive røystene. Det er mange som seier dei er så nøgde med eit nytt bibliotek, ein fin symjehall og ein ny idrettshall, seier Pedersen.

Andre juledag har hittil vore den beste besøksdagen.

– Då måtte vi skrive venteliste, fordi det var så stort trykk. Dei fleste andre dagane har det også vore mykje folk her. Det er utruleg at vi har fått eit slikt bygg, og no gjeld det å nytte det!