Er du uforsiktig med fyrverkeriet kan du miste delar av forsikringa

Fyrverkeri bør ikkje kombinerast med alkohol. Hugs vernebrillar! Og ikkje tenn på fyrverkeriet fleire gonger.   Foto: Colourbox

Nyhende

Tryg Forsikring skriv i ei pressemelding at kvart år blir personar, bilar og bygningar skadde av fyrverkeri. Om du er skuldig i fyrverkeri-brann eller skade etter å ha vore uaktsam, kan det bli ein dyr start på 2018.

- Har du til dømes medverka til ei fyrverkeri-brann av ein bustad kan erstatninga bli redusert med hundretusenvis av kroner, kanskje endå meir om du var rusa. Det er graden av kor uaktsam du er som avgjerom du mistar delar av forsikringa. Ein bustad er dyrt å byggje opp igjen, og det skal ikkje store reduksjonen til i erstatninga før det blir mykje pengar ut av det, seier Torbjørn Brandegg i Tryg Forsikring i same pressemeldiga.

Talet på personskadar har gått ned, noko dei forklarer med at folk har blitt flinkare til å følgje reglane for å tryggare oppskyting. Dessutan har folk blitt flinkare til å bruke vernebrillar. I fjor var det 18 personar som fekk augeskade, ingen av dei brukte vernebrillar.

Dei fleste skadane skjer pga alkohol

Dei fleste personskadane skjer når folk tenner fyrverkeri i alkoholpåverka tilstand. Sjølv om dei fleste nok veit at kombinasjonen fyrverkeri og alkohol er farleg, er det kvart år skadar på grunn av denne kombinasjonen.

- Fyrer du opp monserbatteriet ditt bør du absolutt vere edru, er den klare opmodinga frå Brandeggen.

Skadane treng ikkje vere sjølvforskylde. Mange blir skadde for at andre er uforsiktige. Det er flest menn som blir skadde. Det var også ein del under 18 år som vart skadde, til trass for at det er 18 års aldersgrense for å bruke fyrverkeri.