Klesdrakta til masai-folket er ikkje akkurat laga for norske tilhøve. Det forhindra likevel ikkje ungguten Anthony Ole Samweli å møte opp til julegudsteneste i Ulstein kyrkje iført nettopp ei slikt antrekk.

Masai-guten har vore i Ulsteinvik på julebesøk den siste veka og har budd hos ulike familiar i området.

Då vi vitjar Anthony heime hos Siv Ulstein i Bakkegata i Ulsteinvik, er heile familien i ferd med å gjere seg klare til ein tur til Ulsteinbadet. Vatnet i det nye bassenget har ein komfortabel temperatur, men Anthony har allereie testa ut korleis det er å bade i sjølvaste Norskehavet.

Han går nemleg på folkehøgskule i Troms dette skuleåret, nærare bestemt på Folkehøgskolen Nord-Norge ved Evenskjær.

Der går han på linja Urfolk, saman med elevar frå Sør-Afrika, Filippinane og Canada.

Sjøbading er noko av det han har fått med seg i løpet av eit så langt opplevingsrikt skuleår.

– Eg har også drukke kaffi med Mari Boine og møtt sametingspresidenten, fortel han.

Han kom til Noreg i august.

– Kaldt

–Eg tykte det var skikkeleg kaldt, men då var det nokon som sa at eg berre skulle vente til vinteren, for då vart det kaldt, då!

No har han vent seg til det kjølige klimaet.

Heime i Tanzania bur Anthony saman med resten av stammen ute på landsbygda.

– Tidlegare tilba vi plantar og dyr, som til dømes det store baobab-treet eller ei ku som var særleg stor. For omtrent 25 år sidan kom nokre danske misjonærar til området og familien til Anthony valde då å verte kristne. Faren til Anthony er prest.

Slaktar fem kyr til jul

– Vi startar julefeiringa i kyrkja om kvelden før første juledag. Då syng vi frå klokka er sju på kvelden og fram til midnatt. Dagen etter slaktar vi fem kyr og har ein stor fest, heile stammen, fortel han.

Juletre og julenisse er ukjende omgrep for masai-guten.

Anthony kom til Ulsteinvik 22. desember og fekk då med seg den årlege julenattinéen i kyrkja.

– Det var fint. Og så møtte eg folk som eg kjente frå før, som til dømes Øyvin Sønnesyn og andre frå Sunnmøre Folkehøgskule.

Sunnmøre Folkehøgskule har nemleg fleire gonger besøkt området i Tanzania der Anthony og familien hans bur. Både Folkehøgskulen Nord-Norge og Sunnmøre Folkehøgskule vert drivne av KFUK KFUM. Dette er medverkande årsaker til at det vart sunnmørsk julefeiring for Anthony i år.

Julaftan feira han på tradisjonelt norsk vis, med julemat og gang rundt treet. På menyen stod både pinnekjøt og svineribbe og begge delar fall i smak.

– Det var kjempegodt! Vi masaiar et vanlegvis ikkje svinekjøt, men no har eg smakt det og tykkjer det er godt. Det å gå rundt juletreet er også ein fin skikk, seier han.

Julegåver mangla det heller ikkje, og Anthony seier han er svært takksam for gåvene han fekk til jul.

Skikken med svineribbe og juletre kjem han likevel ikkje til å ta med seg heim til Tanzania.

– Vi har ikkje tre som er rette nok til å kunne brukast til juletre, ler han.

Nissefest

Ein av juledagane var han også på nissefest i ei løe i Eiksund. Der fekk han møte nissen og smake på julegrauten.

No ventar besøk hos nye familiar og nye opplevingar, som til dømes nyttårsfeiring, før han reiser opp att til Evenskjær og skulekameratane der den 3. januar.

I mai er skuleåret over og Anthony reiser heim til landsbyen sin.

– I tillegg til mange gode vener kjem eg til å sakne snøen og nordlyset, seier han.