Dei mest leste sakene i 2017:

Brann, ferjetrøbbel og nokre overraskingar

I løpet av eit år blir det publisert mellom 4000 og 5000 saker på Vikebladet.no.Foto: Illustrasjon

Nyhende

Året går mot slutten og det er på tide å sjå tilbake på det som har vore. I løpet av eitt år blir det lagt ut ein stad mellom 4000 og 5000 artiklar på Vikebladet.no. Nokre av desse blir svært mykje lest, andre ikkje fullt så mykje.

På toppen av lista over dei mest leste sakene er det hendingsnytt som dominerer. Ulukker, leiteaksjonar, brann og ulike hendingar på ferjesambandet Hareid – Sulesund.

Der har ”Ullensvang” skapt overskrifter i fleire år, og slik vart det også i 2017:

Gløymde bilane under dekk

Ullensvang har kollidert med moloen

Trafikk er også noko som opptek folk, og spesielt dersom det er snakk om ulukker:

Ulukke i Kvalnestunnelen

Denne saka førte også til ein serie artiklar om den trafikkfarlege tunnelen. Les meir om det her (for abonnentar)

I løpet av året har ein opplevd fleire alvorlege brannar i nærområdet. Dette var den mest leste av dei:

Forsamlingshuset brenn ned til grunnen

At hendingsnytt blir mykje lest er ikkje overraskande. Men på lista over dei mest leste sakene i 2017 finn ein også nokre overraskingar.

Sjå den spektakulære Sande-filmen

Denne artikkelen vart lagt ut i november 2015, men fekk ein ny vår i 2017 og er faktisk blant dei ti mest leste sakene i 2017. Dette er likevel ikkje heilt unormalt. I 2016 var også eit par av sakene på topplista frå året før.

Ikkje alt som blir mykje lest er produsert av redaksjonen. Også debattinnlegg kan få eit stort publikum på nett, slik som dette er eit døme på:

– Kom heim!

I 2017 har ei TV-innspeling på Høddvoll fått mykje merksemd, Men på lista over dei mest leste sakene dukkar det også opp saker som handlar om TV-program, men som ikkje er heilt seriøse, og som blir lest endå meir enn saker om ”Heimebane”:

Farmen til Fjelle (1. april)

Sport er også ofte godt stoff og våre LIVE-oppdateringar frå Hødd sine kampar brukar å vere populære. Spesielt populær var oppdateringane frå heimekampen mot Bryne, som var årets mest leste sportssak på Vikebladet.no.