Frå i dag er Brubakk sjefen

Frå i dag av er Olav Helt Brubakk brannsjef for både Ulstein og Hareid. (arkivfoto).  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Frå i dag, 1. januar 2018, er brannvesena i Ulstein og Hareid slått saman til ein organisasjon. Det nye namnet er Hareid og Ulstein brannvesen.

Den felles administrasjonen vil halde til på Ulstein rådhus fram til den nye brannstasjonen i Ulsteinvik blir bygt. Dei har fått tilhalddstad på teknisk etat, og er organisatorisk underlagt kommunalsjef teknisk.

Olav Helt Brubakk er brannsjef. Live Gandborg er branningeniør. William Bernt Ekeli er leiar for førebyggande avdeling. Harald Øvereng er leiar for beredskapsavdelinga, 50 prosent stilling innan brannvesenet.