Nyleg fekk Arthur Hareide godkjent søknaden sin til Hareid kommune sitt næringsfond om støtte til å starte opp innan fiskeri.

Som Arthur beskriv i søknaden sin ønskjer han gjennom enkeltmannsføretaket Hareide Fisk å fiske, levere fisk, tene pengar på det og etter kvart nytte pengane han tener til å investere i større båt og kvote.

– Einkvan plass må eg byrje. Eg føler at eg har ein plan klar, så får eg sjå om eg får til å gjennomføre den. Trua har eg uansett, seier Arthur til Vikebladet Vestposten.

Skal på lofotfiske

Akkurat i jula blir det ikkje fiska noko, men han gjer no i staden båten heilt klar for å dra til Lofoten på torskefiske i midten av eller mot slutten av januar.

– Der har eg tenkt å vere nokre månader. Men før den tid treng eg å få på plass eit par ekstra ting, og å få gjort båten heilt klar. Det var fordi eg trengde litt ekstra midlar til førebuingane at eg søkte kommunen og næringsfondet om tilskot. Då det gjekk i orden var det berre å hive seg rundt, seier Arthur.

Han fortel at han får med seg ein kamerat på lofotfiske, Stian Kobbeltvedt, som han gjekk på vidaregåande skule saman med.

Frå næringsfondet får Arthur og hans enkeltmannsføretak Hareide Fisk 150.000 kroner, medan den resterande kostnaden for kjøpet av fiskebåt, teiner, tau, blåser, ekkolodd, juksemaskin, garn og mykje anna, blir dekt av banklån, oppspart eigenkapital og mykje eige arbeid.

Bindalsjark

Lokalavisa møter han nede ved moloen på Ytre Hareid. Der ligg skuta hans, den flotte sjarken Onsøygutt. Ein gong i tida vrimla det med slike båtar i hamna på Hareid, men dei blir sjeldnare og sjeldnare å sjå.

– Det er ein 29 fot lang Bindalsjark, 1971-modell. Ein trebåt med aluminiumsoverbygg. Her var alt av det eg trengde med det aller fyrste, men eg ser at det er nokre ting eg ønskjer å endre på før eg tek han i bruk til anna enn krabbefiske.

– Ønskjer å ta det så langt som mogleg

Arthur vaks opp på Hareid, og har gjennom heile oppveksten vore interessert i havet og fiske.

– Bestefar min Arthur, som eg er oppattkalla etter, hadde ein fin Øien-båt, ein slik open ein, som eg og søskenbarnet mitt nytta mykje til å fiske krabber. Eg har lenge vore veldig glad i sjøen, og i å fiske og drage krabbeteiner. Det finnast ikkje så mykje som toppar det å vere ute på havet. Eg kosar meg veldig, og kjenner at kvilepulsen senkar seg betrakteleg. No får eg kombinere ei stor interesse med jobb, noko eg ser fram til. Det står att å sjå om eg kan ha dette som mitt levebrød. Men det er altså målet, seier han.

Frå styrmann til fiskar med eigen båt

Arthur var ferdigutdanna styrmann for to år sidan. Frå då til no har han vore vikar i Island Offshore, og sist eit par turar som mannskap på trålar.

– Kort sagt har det jo som dei fleste kjenner til vore svært tøffe tider i den maritime bransjen. Å få seg jobb slik situasjonen er i dag er ikkje enkelt. Difor tenkte eg å prøve noko nytt, seier han.

– Håpet er at eg skal klare å ta dette så langt at eg med tida kan få fatt i ein større båt, klare å fiske meir og oppjustere satsinga. Men for å nå dit veit eg at det er mykje hardt arbeid som skal til.

Arthur Hareide er utdanna styrmann, men på grunn av krevjande tider innanfor den maritime bransjen, har han kjøpt seg eigen sjark og starta enkeltmannsføretak. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Arthur ser fram til å fiske torsk i Lofoten (biletet) i midten av eller mot slutten av januar. – Det blir spanande å sjå kva for fangst me kan få, seier han. Dit reiser Arthur saman med kameraten Stian Kobbeltvedt. Foto: Norges Sjømatråd.