Polarstars harde kjerne var samla

Nyhende

Fredag 28. desember var ein flokk på om lag 30 Polarstar-venner samla i mannskapsmessa til ein prate- og brennsnut-sekvens.

– Dette er den harde kjerne, sa Willy Nesset då han reiste seg og gav dei frammøtte ein kort briefing om stoda. Han streka under at sjølv om han formelt sat som eigar av skuta, så var dette ei skute som tilhøyrde alle.

– Mange spør meg kva vi kan vente oss av Polarstar i tida framover, fortalde han og slo fast at framtida alt hadde begynt i og med at det hadde vore halde fleire slutta lag om bord, der Ishavsmuseet Aarvak hadde stått for tilrettelegging og servering.

Webjørn Landmark, styrar ved museet, fortalde at dei alt har knytt seg sterkt til skuta og at dei vil bruke henne både som museumsobjekt og ein stad å halde mindre selskap.

I den samanhengen siterte Willy Nesset ein merknad frå vernestyresmaktene om at Polarstar ikkje måtte bli ei ”cowboy-skute”.

– Vi har vore i kontakt med 3-4 reiseoperatørar, fortalde Nesset, men han var ikkje sikker på om dei fekk til noko opplegg i 2018. Skulle ein t.d. satse på turar til Svalbard, såg han for seg at skuta måtte bli omklassifisert frå 12 til 24 personar – for å få økonomi i det.

Polarstar kjem til å ligge ved søre molo på Hareid over vinteren – og kan hende vidare også. Det vil sjølvsagt vere enklare for Ishavsmuseet å bruke skuta om ho låg i Brandal, men utfordringa i Brandal er det sterke draget i sjøen. Men det vil kunne vere aktuelt å ha skuta der i kortare periodar i sommarhalvåret.

Med den rutinerte og framleis årvakne 77-åringen Johan Veiseth som skipper og med tilgang på fleire maskinistar som ”kan skuta” (Terje Valderhaug, Oddvar Bigset og Bjørn Røyset var tilstades denne kvelden), er det ingen ting i vegen for å ta Polarstar ut i ope farvatn. Og med ein så stor flokk dugnadsinteresserte bør ein også greie å halde skuta i den fine standen ho kom til Brandal i seint i august – etter oppgraderinga i Polen.

Atle Gjerde song til eige gitarakkompagnement og Rolf Garshol & Co serverte ein ytterst velsmakande brennsnut – og ein time eller to gjekk praten livleg over borda – før andre ærend og juleselskap gjorde at flokken løyste seg opp.

LAG