Statens vegvesen:

Færre døydde i trafikken i 2017

106 mista livet på norske vegar i 2017. Det er det lågaste talet på 70 år, og 29 færre enn i 2016. Over halvparten er menn over 45 år.

Det var nedgang i trafikkulukker med dødsfall i 2017.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK

Nyhende

(NPK-NTB): Vegvesenets førebelse tal viser at 76 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i 2017. Det er 29 færre enn i 2016. Prognosane ligg på om lag 620 hardt skadde.

Seks har omkomme i juletrafikken, som vert rekna frå og med 23. desember til og med 2. januar.

– Sjølv om tendensen er at det er stadig tryggare på vegane, er dette langt meir enn tal og statistikk. Bak kvar einaste ulykke er det ein tragedie som rammar familie, venner, kollegaer og lokalsamfunn, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Det var flest dødsulykker i Hordaland (12) og Akershus (11), medan Aust-Agder (1) og Finnmark (2) har hatt færrast.