Oddsfavorittar før Idrettsgallaen førstkomande laurdag:

Åge og Karsten er storfavorittar

Betsson meiner Karsten Warholm er favoritten til å både bli årets mannlege utøvar og årets namn under Idrettsgallaen. Åge Hareide er favoritten til å bli årets trenar.

Åge Hareide og Karsten Warholm er bettingselskapet Betsson sine store favorittar til å stikke av med høvesvis prisen for årets trenar og årets mannlege utøvar. Warholm er også oddsfavoritten i høve kåringa av publikumsprisen.   Foto: Montasje/Holger Motzkau/ Wikipedia/Wikimedia Commons/AFP PHOTO/Jewel Samad.

Nyhende

Dimna IL-utøvar Karsten Warholm er ifølgje eit av Norges største bettingselskap, Betsson, den klart største favoritten blant dei nominerte mannlege utøvarane, til å kunne hente med seg prisen i denne kategorien.

Betsson meiner Warholm er den største favoritten i begge kategoriane på grunn av den enorme prestasjonen han stod for i London-VM. Dette skriv selskapet om den magiske kvelden i storbyen:

Blant tiårets største norske idrettsprestasjonar

"21-åringen sjarmerte ei heil friidrettsverd med jubelscenene etter det historiske VM-gullet i London i august. Dimna-løparen trassa regnvêret og gleda ein heil idrettsnasjon då han spurta inn til gull på 400 meter hekk – det fyrste norske VM-gullet sidan spydkastar Andreas Thorkildsen vann i Berlin i 2009."

- Karsten Warholm sto for eit av tiårets største norske idrettsprestasjonar då han sprang inn til VM-gull og rørte ein heil nasjon. Det norske folket har trykt han til sitt bryst, noko vi trur gjer utslag når publikum skal stemme, seier Betsson sin PR-manager, Eirik Grønning.

Også Hareide er storfavoritt

Trenaren til Warholm, Leif Olav Alnes, har derimot bettingselskapet ikkje like stor tru på. Her er det i staden ein hareidsdøling som går av med sigeren, meiner dei.

- Hareide tok dei danske fotballdrengane til sitt første meisterskap sidan 2012 då laget slo Irland i VM-playoff. Hareide er den største oddsfavoritten av alle på Idrettsgalaen med låge 1.15 i odds, følgt av håndballgutta sin suksesstrenar, Christian Berge, seier Grønning.