Innbyggjarane i Botnen like sør for Ulsteinvik har kjempa ein årelang kamp for å få på plass tryggande tiltak kring den trafikkfarlege fylkesvegstrekninga som går forbi bustadane deira. Ved fleire høve har dei vore freista til å gje opp kampen, men på vegen har det også kome enkelte lysglimt. Like før jul kom det eit slikt lysglimt i form av eit brev frå Lisbeth Smørholm, seksjonsleiar i Statens vegvesen i Møre og Romsdal, der det kom fram at Ulstein kommune no får løyve til å etablere såkalla fotgjengartilknyting til fylkesveg 61. Dette med bakgrunn i ein søknad utarbeidd av teknisk eining i Ulstein kommune, der ein situasjonsplan var skissert.

– Dette var jammen meg på tide. Men, det er nok berre som ein delsiger å rekne. Det er eit steg i rett retning, men vi vil sjå at det faktisk skjer først, seier Reidar Garnes, Maciej Szymanski og Marek Bartozek.

Gangveg og veglys

Kommunen har no tre år på seg til å fullføre arbeidet. I Ulstein kommune sitt forslag til konkrete trafikktryggingstiltak for dei mjuke trafikantane som ferdast langs og kryssar fylkesvegen i Botnen er det fleire element. Først og fremst den nemnde gangvegen, ein 1 meter brei grusa gangtrasé. Denne skal følgje terrenget mest mogleg, for å minske inngrepet i vegskråninga, og traseen er lagt opp til å ligge på minst same høgde som fylkesvegen, men langt nok frå sjølve bilvegen, for å unngå at dei mjuke trafikantane frå begge sider må gå langs fylkesvegen når dei skal til og frå busslommene.

– Vi går her med hjartet i halsen. Det blir godt å forhåpentlegvis sleppe dette no, seier Iver-Johannes og Regine Garnes, borna til Reidar.

Kommunen ved teknisk eining har også skissert at ein skal byte ut eksisterande veglys med nye veglys, samt få på plass fleire veglys. Elles føreslår kommunen å fjerne noko vegetasjon og tre, som blokkerer sikta rundt svingen både for køyrande og gåande.

– Vi ser føre oss å kome i gang med arbeidet så snart finansieringa er på plass, seier Arne Runar Vik, kommunalsjef for teknisk eining.

Ventar framleis på busskur og skilt

Innbyggjarane i Botnen har også i lengre tid venta på svar frå Statens vegvesen kring busskuret som blei fjerna, og som skulle erstattast med ein ny og gjennomsiktig type.

– Dette og eit nytt skilt som markerer at dette faktisk er ein busstopp har vi venta på i fleire år. No håper vi også dette kjem på plass snarast. Det går frykteleg seint dette, men vi har framleis håp, seier Maciej Szymanski.

Ordføraren vil hjelpe

Etter at Vikebladet Vestposten skreiv om saka sist, kalla ordførar Knut Erik Engh (Frp) Statens vegvesen inn til møte, og hadde i tillegg møte med innbyggjarane i Botnen. Ein kom saman fram til tiltak, og planen er at arbeidet no skal kunne ta til snarast råd.

– Denne saka skal handsamast politisk, og det så snart som råd. Ulstein kommune har som kjent eit stramt budsjett slik situasjonen er no, men formannskapet har til dømes ein eigen pott som det kan nyttast midlar av til slike viktige tiltak. Det kan vere vi kan få til ei såkalla tilleggsløyving, men då må det politisk vilje til. Eg vil støtte bebuarane i denne saka, og no står det att å sjå om vi lukkast i å få fleirtal. Eg har god tru på det, seier Engh.

Det meiner bebuarane i bustadane som ligg ved den trafikkfarlege vegstrekninga i Botnen i Ulstein. Dei håper at politikarane i Ulstein finn midlar til å realisere ein ny gangveg langs fylkesvegen. For å vise kor mykje trafikk som går forbi på ein heilt ordinær ettermiddag, møtte dei lokalavisa til ein prat nede ved fylkesvegen. Her er Reidar Garnes (f.v.) med borna Iver-Johannes og Regine, Marek Bartoszek, og Maciej Szymanski med borna Maciej og Julia. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Den grøne streken er den planlagde nye gangvegen, det raude er vegetasjon som skal fjernast, og dei gule og oransje prikkane er høvesvis gamle gatelys som skal skiftast, og nye. Foto: Skisse/Ulstein kommune.