Rekordlågt tal i 2017:

25 personar omkom i brann

Aldri før har det vore registrert færre omkomne etter brann i Norge enn i 2017.

Av dei omkomne var 14 menn og 11 kvinner. April var månaden då flest omkom (fem).Foto: Colourbox/Tryg Forsikring.

Nyhende

Det viser ferske tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

- Dette er ei formidabel utvikling og viser at brannførebyggande arbeid faktisk fungerer. Vi kan snakke om eit vendepunkt. I tillegg ser vi at talet på brannar også går ned. Årsaken er nok samansett, men ein sterk medverkande årsak er auka medvit kring branntryggleik hos folk flest, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring.

Av dei omkomne var 14 menn og 11 kvinner. April var månaden då flest omkom (fem).

Høgare risiko for eldre

Talmaterialet til DSB viser at 75 prosent av de omkomne i brann er eldre og pleietrengande, eller personar med nedsett funksjonsevne og rusmisbrukarar. Personar over 70 år har fire til fem gonger høgare risiko for å omkomme i brann samanlikna med resten av befolkinga.

- Dei farligste bustadbrannane oppstår om natta. Då har du lita molegheit til å oppdage brann i tide dersom ikkje ein røykvarslar vekker deg. Dei fleste som omkjem i brann kvelast av røyk og gass. Røykvarslarar reddar kvart år livet til eit titalls menneske og er ei billig livsforsikring for deg og di familie, sier Setnes.