Aksjespleis i Havila

Njål Sævik er administrerande direktør i Havila Shipping ASA. (arkivfoto) 

Nyhende

I dag vart det halde ekstraordinær generalforsamling i Havila Shipping ASA.

På møtet vart det bestemt å spleise aksjane i selskapet i forholdet 100:1. Såleis vart talet på aksjar endra frå 1.890.762.200 til 18.907.622. Med det steig den pålydande verdien på kvar aksje frå eitt øyre til ei krone. Med kursen i skrivande stund vil det seie ei endring i verdi frå 13 øre til 13 kroner per aksje. Selskapet sin aksjekapital på 18.907.622 blir den same.

I dag, 3. januar 2018, er det siste handledag for uspleisa aksjar. I morgon, 4. januar, er første handledag for spleisa aksjar.