Skal levere interiør til fire nybygg ved Ulstein Verft:

Kontraktar for tresifra millionbeløp

Molde-baserte R & M Ship Interior AS har signert fire kontraktar til ein samla verdi på eit tresifra millionbeløp.

R & M Ship Interior skal mellom anna levere passasjerinteriør til verdas største plug-in hybridskip som Ulstein Verft skal bygge for Color Line (biletet).Foto: Ulstein Group/Arkiv.

Nyhende

Skipsinteriørverksemda vil med det kunne utvide til 15 tilsette i løpet av 2018. Det skriv Romsdals Budstikke. (Ekstern lenkje).

R & M Ship Interior AS skal levere passasjerinteriør til verdas største plug-in hybridskip som Ulstein Verft skal bygge for Color Line, ekspedisjonsskipet verftet skal bygge for Lindblad Expeditions og National Geographic i tillegg til interiøret til yachten Ulstein skal bygge for ein ikkje namngjeven kunde. Den fjerde kontrakten er på levering av interiør til konstruksjonsstøttefartøyet Ulstein er i gang med, til bruk i offshorevindindustrien. Dette er det Acta Marine som skal ja.

I høve dei nye kontraktane vil verksemda opne nytt kontor i Ålesund.