Meir snø i vente

Nyhende

Yr.no melder snø til helga i Ulstein og Hareid. Det skal snø heile laurdagen og heile sundagen.

Neste veke er det meldt kaldt, ned mot sju kuldegradar i Ulsteinvik.

Lokale variasjonar

I Kaldholen er det meldt ni minusgradar tysdagen.  I Ringstaddalen blir det kaldast torsdagen, minus ni gradar.

Noko mildare er det på Flø, der er det "berre" meldt 1 til 2 minusgradar neste veke.