I dagens avis kjem lensmannen i Ulstein og Hareid med urovekkande opplysningar: det har danna seg ein gjeng ungdomar som den siste tida har vore involvert i ei rekkje lovbrot. Det handlar om gutar i 15-17-årsalderen. Born som søkjer spenning, truleg utan å tenkje konsekvensar.

Politiet er ikkje heilt sikre på kor mange dette gjeld, men lensmannen anslår at det er snakk om ein stad mellom ti og femten ungdomar. Mykje av kommunikasjonen skjer i sosiale media, eit område verken politi eller foreldre kjenner godt nok. Her vert aktivitetar planlagt, avtalt og dokumentert. «Dei held ein tøff tone, det eine ser ut til å ta det andre i denne gutekulturen», seier lensmannen. Han er overraska over omfanget og uroa for kva som blir konsekvensane viss denne gutegjengen ikkje endrar haldningar.

Og når politiet er uroa, bør vi andre også vere det. Kvifor er så mange ungdomar på Hareidlandet med i denne gjengen? Kvifor søkjer dei spenning? Korleis har denne gutekulturen fått utvikle seg utan at nokon har slått alarm?

Heldigvis er det eit stort apparat som no vert sett i verk rundt desse ungdomane. «Vi må endre taktikk, i staden for å forfølgje dei, må vi jobbe meir førebyggande», seier lensmannen. Det inneber at foreldre, skule, barnevern, politi, kommune og fritidsaktivitetar må samarbeide for å få desse gutane på andre tankar. Politi og kommunar skal ha jamlege møte i det som heiter politiråd, og i tillegg får gutane oppfølging frå konfliktrådet. Det er ei ny straff som vart innført i 2014 og som spesielt er laga for ungdom mellom femten og atten år. Målet er å hjelpe ungdomane vekk frå kriminell aktivitet.

Håpet må vere at dette arbeidet lukkast.