Lar seg ikkje skremme av glatte vegar og fortau:

– Er ute og går kvar dag

Fleire eldre Vikebladet Vestposten snakka med vedgjekk at dei tenkte litt ekstra over korleis dei fotar seg på glattisen, men dei blir ikkje sitjande inne.

Broddefri Per Klungsøyr har broddar, men dei heng att heime på Dimna. Sjølv om det er glatt, sit han ikkje inne.Foto: Ingvild Aursøy Måseide.

På glatta Hans og Randi Nygjerde vågar seg ut på glatta. Det er for fint til å sitje inne. Det var glattare på vegane for nokre dagar sidan, men Randi ser ingen grunn til å klage. Ho synest det har blitt fint i Ulsteinvik. No gler ho seg over stadig lysare dagar.Foto: Ingvild Aursøy Måseide.

Broddar Hans Kjølen sel broddar både for born og vaksne på apoteket. Den siste tida har han seld ein del broddar til unge kundar.Foto: Ingvild Aursøy Måseide.

Nyhende

Per Klungsøyr seier at han prøver å passe seg så godt han kan så han ikkje ramlar på isen. Han bur på Dimna, og det er like glatt der.

– Har du broddar?

– Nei. Det vil seie, eg kjøpte for mange år sidan, men dei heng på veggen heime, svarer han. Han synest det er travelt å ta av og på seg broddane når han gjer ærend då han går inn og ut av hus, så då lar han vere å bruke broddar. Men han kan ta dei på seg om han skal gå ein lengre tur.

Ei som har på seg broddane er Randi Garnes. Ho fortel at det var veldig glatt heime på Garnes ein dag ho var ute i postkassa si. Det var så isete på gangvegen at ho måtte gå uti grøfta for å gå på snøen, men dagen etterpå hadde det heldigvis vore nokon der og strødd. Det var også veldig glatt ein sundag ho skulle til kyrkje.

– Det er ikkje alle tider så lett å vere fotgjengar, kommenterer ho og synest det er viktig at det ikkje berre blir strødd på hovudvegane.

Torill Ringstad er også ute og går. Ho bur i sentrum av Ulsteinvik og er glad for det no er godt strødd. Det var det ikkje tidlegare.

Nyt lysare dagar

To som er ute og spaserer i finvêret er ekteparet Hans og Randi Nygjerde. Dei er også glade over at det no er så godt strødd. Dei fortel at dei er ute og går kvar dag, også då det ikkje var så godt strødd.

– Det er så fantastisk fint ute no. Me må ut i finvêret. Og det er så godt å sjå lyset, smiler dei.

Dei kjenner ikkje til at nokon har ramla og brote noko. Randi kjenner ei som har ramla, men det gjekk heldigvis heilt fint.

Sel broddar også til unge

Hans Kjølen på Apotek 1 vil ikkje seie at dei har seld merkbart mange fleire broddar no i vinter medan det har vore så glatt. Men det har vore også ein del yngre kundar innom som har kjøpt seg broddar.

– Då reknar eg med dei gjer det av erfaring, eller kjenner nokon som har ramla.

Ulstein legesenter har ikkje hatt mange kundar med brotne hender eller føter denne veka. Karsten Melø hadde ein pasient med brot fredagen. Han har ikkje høyrd andre legane seie dei har hatt mange pasientar med brot. – Det er vel så glatt at folk passar på å gå forsiktig, kommenterer lege Melø.