Juletrefesten på Alvehaugen:

– Noko av det kjekkaste vi veit

Det blir ikkje heilt det same utan den årvisse juletrefesten på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter. Ulstein Mannskor stilte tradisjonen tru med flott stemmeprakt, kaffi og kaker, og godt humør.

Gjekk rundt juletreet Tradisjonen tru blei det gang rundt juletreet under Ulstein Mannskor sitt besøk på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter. Førstetenor Leif Dimmen (t.v.) fekk den store æra av å trille den eldste bebuaren på Alvehaugen, Astrid Nikoline Vågeskar (101) rundt treet. Foto: Robert Skeide.

Nyhende

Dirigent Robert Skeide fortel at Ulstein Mannskor har hatt som tradisjon gjennom mange år å avlegge Alvehaugen og bebuarane der eit besøk i samarbeid med Sjukeheimsforeininga.

– Dette er rett og slett noko av det kjekkaste vi veit. Eg har ikkje teljinga på kor mange år vi har gjort dette, men temmeleg mange har det blitt, seier Skeide.

Han fortel at Ulstein Mannskor alltid held konsert på Alvehaugen på sjølvaste julaftan. Men også fyrste torsdagen i januar er karane på plass, og då er det klart for julefest, der å gå rundt juletreet står på programmet.

– Det er like kjekt kvart år å kome hit og underhalde, og å få vere med på ei slik koseleg stund, seier Skeide.

Ekstra kjekt er det fordi dei aller fleste kjenner kvarandre, og fordi det også blir tid til mykje god prat, fortel han.

Spanderte kaffi og noko å bite i

Sjukeheimsforeininga og Ulstein Mannskor sørgja også for mykje god mat, både kaker, smørbrød og anna, i tillegg til å også servere eit rikt og variert program.

Mannskoret varierte mellom å syngje åleine og å syngje allsong saman med alle dei andre i opphaldsrommet på Alvehaugen.

Det skal også nemnast at Otto Botnen heldt eit artig kåseri, henta frå NRK Radio for nokre tiår tilbake. Etter siste allsong, «Deilig er jorden», var det klart for å gå rundt juletreet.

– Kjekt å gjere litt stas på dei

Skeide fortel at medlemmane av mannskoret ser fram til denne konserten ved kvart årsskifte, og at det er eit viktig oppdrag.

– Vi kjenner kvarandre. Dette er for det meste generasjonen før oss, og fleire av dei har sjølve vore aktive innanfor kormiljøet. Det er veldig kjekt å få gjere litt stas på dei alle.

– Det er også noko med dette å halde gode tradisjonar i hevd. Å gå rundt juletreet er noko dei fleste kjenner til, og å få vere med på ei slik fin stund her på Alvehaugen set vi stor pris på. Vi gler oss allereie til å kome tilbake neste år vi, seier Robert Skeide til slutt.