Støtte til tryggare skuleveg

Ulstein kommune har fått 500 000 kroner til fortau langs Petterbakken.

Petterbakken Ulstein kommune har fått støtte til å lage fortau langs Petterbakken. Om ikkje trafikktryggingstiltaket blir gjennomført etter ei viss tid tar Vegvesenet pengane tilbake. Foto: Arkiv.

Nyhende

Ulstein kommune søkte i haust Statens vegvesen om trafikktryggingsmidlar. Tiltaket dei søkte om pengar til var fortau langs Petterbakken.

Statens vegvesen har no svara at kommunen får 500 000 kroner i støtte til dette. Ein føresetnad for å få denne støtta er at kommunen betaler like mykje for tiltaket.

Vegvesenet presiserer at kostnader til planlegging og administrasjon må kommunen ta. Kommunen må også dekke kostnader til grunnerstatning og ulemper.

Pengane skal gå til anleggskostnader, som riving, flytting og bygning og oppsetting av veglys og liknande.