Vigslar vekkjer bry og begeistring

Frå og med 1. januar har kommunane fått ansvar for borgarlege vigslar her i landet. Den nye ordninga har fått blanda mottaking. Mange ordførarar helsar nyordninga velkommen, men nokre vegrar seg.

Frå 1. januar 2018 blei ansvaret for borgarleg vigsel overført frå staten til kommunane. Den nye ordninga har fått blanda mottaking blant ordførarar og andre folkevalde. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): Fram til nyttår var det dommarfullmektigar og sorenskrivara som hadde ansvar for borgarlege vigslar. Lovendringa inneber at ordførarane og varaordførarane automatisk får vigselrett. Kommunane kan også bestemma at andre folkevalde eller kommunalt tilsette kan få rett til å via folk. Kven og kor mange som skal ha vigselrett utanom ordføraren og varaordføraren, er det opp til kvar kommune å bestemma.

Kommunane bestemmer også kor og når dei vil tilby vigslar, men fleire ordførarar VG har snakka med, er villige til å strekkja seg langt for at dei gifteklare skal få den ramma dei ønskjer. Ordførar i Forsand Bjarte S. Dagestad ser til dømes ikkje bort frå at han får spørsmål om å via folk på Preikestolen. Det har han ikkje noko imot.

– Dette ser eg på som god service, så det må vi klara å gjennomføra. Viss det blir stor pågang, kan det henda vi set opp nokre faste laurdagar med fleire vigslar på same dagen, seier han til VG.

Trur på drøymebryllaup

Ordførar i Eidfjord Anved Johan Tvedt (Sp) stiller på si side gjerne opp som vigselmann dersom folk ønskjer å gifta seg på det nye utsiktspunktet ved Vøringsfossen – sjølv om kommunen har bestemt at vigslane i utgangspunktet skal skje i kommunestyresalen eller eit galleri i nærleiken.

Kollegaen hans i Odda, ordførar Roald Aga Haug (Ap), er ikkje snauare. Han har tidlegare uttalt at Trolltunga kan bli det norske svaret på Las Vegas for borgarlege vigslar.

Odda kommune opplyser til Nynorsk pressekontor at kommunen førebels ikkje har fått nokon førespurnader frå brudepar som ønskjer å gifta seg på Trolltunga, men dei ser ikkje bort frå at det kjem til å koma slike spørsmål.

Også ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid i Sogn og Fjordane er på tilbodssida. Saman med fire andre vigslarar er han klar til via brudepar som vil gifta seg borgarleg både ute og inne.

– Eg trur vi skal klara det meste, seier Bjørlo til Fjordabladet.

Vikebladet Vestposten har også tidlegare skrive om kommunane sitt ansvar for borgarleg vigsling, der både Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) og Hareid-ordførar Anders Riise (H) vart intervjua kring saka.

Les også: - Må ikkje bli heilt Las Vegas

Fryktar meirarbeid

Ikkje alle ordførarar er like positive til dei nye vigselreglane. Ei rundspørjing Kommunal Rapport gjennomførte i fjor haust, viste at mange ordførarar var skeptiske. Fleire frykta meirarbeid.

– Dette er ei tullete oppgåve for ein ordførar. Vi styrer store verksemder, og så ønskjer regjeringa at vi skal vera klovnar, uttalte ordførar i Kongsvinger Sjur Strand (Ap) til avisa den gongen.

Vegrar seg

Enkelte ordførarar og andre folkevalde har vegra seg for å ta på seg vigseloppgåva. Både varaordførar Atle Dåvøy (KrF) i Øygarden kommune i Hordaland og leiar i levekårsutvalet Remi Oden (Frp) har ifylgje Bergens Tidende bede om fritak. Dåvøy og Oden føler begge at den nye oppgåva kjem i konflikt med det kristne livssynet deira og har bede om fritak av etiske grunnar.

Det er særleg spørsmålet om vigsel av likekjønna som har skapt debatt. Medan nokre synest det har vore og er problematisk, ser andre folkevalde med eit kristent livssyn på vigseloppgåva som ein del av jobben og ikkje ei religiøs handling.

Fleire KrF-politikarar har likevel endra haldning etter å ha vore i tenkjeboksen ei stund. Ei rundspørjing VG har gjort viser at alle dei 17 KrF-ordførarane i landet no seier ja til å via brudepar uansett kva kjønn dei har.

– Plikt til å ha vigslarar

Likestillings- og diskrimineringsombodet og Barne- og likestillingsdepartementet har tidlegare sagt at dei ikkje meiner den nye ekteskapslova gjev grunnlag for kommunale vigslarar å reservera seg.

I ein e-post til Nynorsk pressekontor slår departementet fast at kommunane har plikt til å ha tilgjengelege vigslarar. Departementet viser elles til forarbeida til lova. Der heiter det mellom anna: "Dersom ordfører og varaordfører ikke kan påta seg vigselsoppdragene, eller det av andre grunner er hensiktsmessig, må kommunestyret delegere vigselsmyndighet til andre".