Vald i nære relasjonar, truslar og seksuelle krenkingar

Auke i konfliktsaker frå Hareid og Ulstein

– Sakene vert meir omfattande og komplekse, seier leiaren for Konfliktrådet på Sunnmøre, Kjartan Skotte.

Meir komplekse: Sakene som vert oversendt til konfliktrådet på Sunnmøre vert stadig meir omfattande og komplekse og omhandlar alt frå blotting og nakenbilde til biltjuveri og skadeverk. 

Nyhende

Det har vore ein auke i saker frå Hareid og Ulstein i Konfliktrådet for Sunnmøre det siste året. Ifølgje ei pressemelding frå konfliktrådet hadde 28 av sakene dei fekk tilvist i 2017, partar frå Ulstein. Året før var talet 20. I 19 av dei tilviste sakene var ein eller begge partar frå Hareid, mot 11 året før.

– Vald i nære relasjonar, truslar og seksuelle krenkingar er eksempel på alvorlege og komplekse saker som er representert på statistikken på Sunnmøre, seier leiaren i Konfliktrådet for Sunnmøre, Kjartan Skotte.

Ifølgje pressemeldinga vart det i 2017 tilvist totalt 216 saker til konfliktrådet på Sunnmøre, mot 192 saker året før, ein auke på 13 %.

– Valdssaker utgjorde den største sakskategorien med 61 saker, ei av fem valdssaker omhandla vald i nære relasjonar. Slag, spark og psykisk vald bak lukka dører var typiske ingrediensar i desse sakene. Det vart tilvist 20 saker med truslar i 2017. Sakene med truslar hadde både godt vaksne partar, og partar som er born og ungdom. Krenkingar er ein annan sakskategori med høg grad av kompleksitet og alvor som er representert på statistikken. Det vart tilvist 10 saker med krenkingar i 2017, og halvparten av sakene omhandla seksuelle krenkingar der partane var born eller ungdom. Blotting og deling av nakenbilete på internett var tema i fleire av desse sakene, fortel Skotte.

Ifølgje Kjartan Skotte handla dei fleste sakene i Ulstein om brot på vegtrafikklova og tjuveri av motorkøyretøy. I tillegg var partane frå Ulstein representert i saker med vald i nære relasjonar, krenkingar, truslar, skadeverk, familietvistar og økonomiske tvistar. I Hareid var det flest saker med skadeverk, men partane frå Hareid var også representert i saker med vald, truslar og nabokonfliktar.

– I konfliktrådet vert det lagt til rette for at dialog mellom dei involverte i saka kan skje på ein trygg måte. Det er frivillig å møte i konfliktrådet, og det blir gjort grundige førebuingar gjennom individuelle samtalar før sjølve meklingsmøtet mellom partane kjem i stand. Mange saker handlar om menneske som har hatt -, og framleis har ein relasjon til kvarandre. Konfliktrådet erfarer derfor at mekling og tilrettelagde samtalar kan vere eit godt alternativ til vanleg straffesakshandsaming. Dette gjeld både for gjerningsperson, offer og pårørande som er råka av den kriminelle handlinga, seier Kjartan Skotte.