- Han hadde høg promille

Nyhende

Ein mann i 20-åra er i Søre Sunnmøre tingrett dømt for fyllekøyring i Sande i slutten av oktober i fjor.

Retten legg til grunn at mannen hadde 1,33 i promille, og han vert difor dømd til både bot og fengsel utan vilkår.

Tingretten meiner det er skjerpande at køyringa enda med eit trafikkuhell, og skriv at køyringa medførte stor fare for andre trafikantar og den sikta.

Mannen tilstod utan atterhald og må no sone atten dagar i fengsel og betale 45.000 kroner i bot.

I tillegg mistar han førarkortet i to år.