Vann sesongens femte

Hareid sikra seg to nye poeng borte mot Rival, men sigeren sat langt inne for serieleiarane.

Ny siger: Hareid vann til slutt med to mål borte mot Rival. June Bergseth vart toppscorar med sine seks mål. ArkivfotoFoto: Ole-Ottar Høgstavoll

  • Rival – Hareid 15–17 (8–6)
  • Træffhuset
  • Tominuttarar: Rival – 1, Hareid 1
  • Hareid: Linda Kostaris, Sara Bigset, June Bergseth (6), Sunniva Liaset, Susanne Bigset (1), Maria Juul Hansen (1), Lene Mari Andresen, Ella Karin Haugen, Cecilie Skeide (2), Andrea Fjeld Hansen (5).
Nyhende

Det vart eit målfattig oppgjer i Træffhuset mellom Rival og Hareid, då dei to beste laga i 5.-divisjon møttest sundag.

Hareid hadde ikkje tapt ein einaste kamp så langt i sesongen, men det var heimelaget som tok føringa i Molde. På det meste leia Rival kampen med fem mål, men Hareid kjempa seg tilbake i kampen og laga gjekk til pause på stillinga 8–6 til Rival.

Heimelaget var også i føringa gjennom store delar av den andre omgangen, men mot slutten skulle Hareid snu det.

Etter ei viktig dobbelredning og nokre kjappe scoringar var det bortelaget som tok over leiinga i kampen. Minuttet før slutt sette Hareid inn 15 – 17. Det vart kampens siste mål, og Hareid-laget står no med fem sigrar og ein uavgjort på seks kampar. Dei toppar avdelinga tre poeng framom Rival.