Firmaet hans har stått for brøyting i Brandal og Hareid i 15 år. Såleis har dei opparbeidd seg god erfaring, og dei har mannskap og maskiner klare når snøen kjem. Men då dei leverte inn tilbod på vinterdrift av vegar 2017, vann firmaet Olebuda AS anbodet før dei.

Olebuda AS er heileigd av ordførar Anders Riise. Roy Bikset klaga på vedtaket om at Olebuda As vann anbodet.

Burde vore kalla inn til møte

Bikset har lang røynsle med å levere inn anbod på jobbar. Som regel når ein leverer inn eit anbod blir dei ulike faktorane vekta. Det blir gitt poeng for pris, utstyr og røynsle. Så kallar ein inn tilbydarane til møte, for å prute på prisen.

Roy Bikset vart aldri kalla inn til noko slikt møte. Han seier det var kontraktørar som leverte tilbod som var endå billegare enn dei, utan at dei heller fekk jobben.

– Her kunne kommunen spart ein del pengar om dei kalla inn partane. 50 000 kroner spart på vinterdrift, hadde gitt 50 000 kroner meir til asfalt på sommaren, seier han.

Bikset synest prosessen verkar uryddig og som om dei har hatt hastverk. Han har inntrykk av at det var bestemt på førehand kven som skulle få anbodet.

Usignerte brev

Bikset har også bede om fullt innsyn i saka. Han seier han har fått tildelt nokre dokument, men ikkje alt. Han meiner han skulle ha fått alt i posten, men han har fått det på e-post.

Bikset reagerer på at svaret han fekk på klaga er skrive i eit word-dokument og er usignert.

– Eg har bede kontrollutvalet sjå på saka, om alt har gått rett for seg, fortel Bikset.

Han har spurt kommunen om kvifor dei ikkje kalla inn tilbydarane til møte, så kunne diskutert pris til dømes, men fekk då til svar at dei hadde lita tid.

– Då meiner eg det hadde vore ryddigare og la oss som brøyta frå før brøyte også denne vinteren, så hadde dei hatt betre tid til å ein skikkeleg anbodsprosess frå neste vinter.

Habilitet

Bikset seier at når dei brøyter er dei vane med å få reprimande om dei ikkje gjer god nok jobb. Han er usikker på om denne kritikken no kjem fram når ordførar Anders Riise, som då har ansvar for brøytinga av rode 3 og 5, sit like borte i gangen til teknisk etat. Det kan bli litt for nært.

– Ingen kan nekte han å leggje inn anbod, men eg reagerer på heile anbodsprosessen. Hadde kommunen kalle oss inn til møte kunne dei presse ned prisen og spart kommunen for pengar, men dei verka ikkje interessert i det.

PS: Com-Net Maskin har signert avtale om vinterdrift av rode 2. Ole Johan Bigset har signert avtale for rode 4.