Mange kjenner nok Ann-Kristin Kvalen best frå tida då ho dreiv Akk Vaskeri. Ho var også ei tid leiar for kantina på Odim.

– Eg dreiv faktisk på med begge deler samstundes ein periode, og gjekk til slutt på ein skikkeleg smell. Eg låg rett ut i nærmare fire månader, og klarte omtrent ikkje å bevege meg, seier Ann-Kristin til Vikebladet Vestposten og legg til:

– Så var sonen vår også mykje sjuk i ein lengre periode, og var ut og inn av sjukehuset i fleire år. Det i tillegg til at eg hadde desse to jobbane og at mannen min som er reisemontør hadde 260 reisedøgn i året, førte til at det blei for mykje til slutt.

Starta eigen klinikk

I dag er derimot situasjonen ein annan. Lokalavisa møter henne i lokala til Cryo Klinikken, hennar nystarta klinikk der ho driv med såkalla cryoterapi.

– Dei siste åra har eg nytta til å kome meg igjen, og sjølv om eg framleis er femti prosent ufør, så tenkte eg at tida var moden for å satse på noko nytt.

Men totalt nytt er ikkje dette med behandling for Ann-Kristin. Ho er nemleg utdanna hud- og helseterapeut.

– Då eg byrja å kome meg igjen tenkte eg å starte opp med massasje, men det blei for tungt å halde på med. Då dukka ein invitasjon til eit seminar om cryoterapi opp i postkassa. Eg heiv meg på, og no har eg starta min eigen klinikk, seier ho nøgd.

Ann-Kristin satsar på å gjennomføre rundt tre behandlingar for dag.

– Cryoterapi er ganske nytt i Norge. Eg er den einaste i vår region som driv med det, seier ho og legg til:

Cryoterapi er ei behandling der ein tilfører feittcellene kulde, slik at dei krystalliserast. Ein prosess som heiter apoptose blir sett i gong, og feittcellene blir gradvis eliminert frå kroppen.

– Men det er ikkje berre feittfjerning utan å bruke kirurgi dette er bra for. Cryoterapi har også vist seg å ha effekt på muskel- og leddsmerter, det gir raskare restitusjon, ein kan fjerne cellulittar, rynkar med meir, seier Ann-Kristin før ho seier avsluttande:

– Mest av alt er eg glad for at eg no er i gang igjen. Så får ein sjå kva framtida bringar.

Sonde: Med denne sonden masserer Ann-Kristin områda der kunden ønskjer effekt. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll