2 x Espen på kinotoppen

Dokumentarfilmen «Ishavsblod», med brandølingen Espen Brandal i ei sentral rolle, var mellom dei mest sette filmane ved Sjøborg Kino i 2017.

Ishavsblod Den norske dokumentarfilmen «Ishavsblod», med Espen Brandal i ei sentral rolle, var den nest mest sette filmen i 2017 ved Sjøborg kino. Ein annan Espen, Espen Askeladd, kunne opplevast i den filmen som var best besøkt ved kinoen i fjor, nemleg «Askeladden - i Dovregubbens Hall».Foto: Koko Film

Godt år – Sjøborg kino greidde å halde på fjerdeplassen over fylkes best besøkte kinoar i fjor også, seier Kristine Brungot.Foto: Arkiv / Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Berre filmen «Askeladden - i Dovregubbens hall» drog meir publikum enn «Ishavsblod» i året som gjekk. 1145 personar fekk med seg filmatiseringa av eventyrhelten, i ein - etter norske tilhøve - påkosta film som ikkje fekk filmkritikarane til å juble av begeistring akkurat. «Askeladden - i Dovregubbens hall» vart uansett den stor publikumsvinnaren, også på landsplan, der han berre vart slått av Star Wars-filmen «The last jedi». 354.034 fekk med seg Espen Askeladd

Ein annan Espen, med etternamnet Brandal, og kollegaene hans om bord i fangstskuta «Havsel» sytte for at 1069 fann vegen til kinosalen. Dette var den nest mest sette filmen ved Sjøborg Kino i fjor.

– Det er artig at ein film med lokal tilknytning legg seg heilt i toppen når det gjeld talet på besøkande, seier kinosjef Kristine Brungot.

Film nummer tre på kinotoppen handlar også om livet til havs, om enn i eit litt anna univers enn det selfangarane på «Havsel» oppheldt seg i. Eventyrfilmen «Pirates of the Caribbean: Salazar’s Revenge» hadde eit publikumstal på 1061 ved Sjøborg Kino. Dette er elles 13 fleire enn dei som såg «Star Wars - The last jedi»

– Vi hadde eit godt år ved kinoen i fjor. Over 30.000 tok turen. Det er kjekt vi framleis, i eit år der vi feira tiårsjubileum, er den fjerde best besøkte kinoen i fylket, etter Ålesund, Molde og Kristiansund, seier kinosjefen.

Fjorårets besøkstal er likevel ikkje så gode som i 2016, eit av toppåra for norske kinoar som ein må tilbake til 1983 for å finne maken til.

– Nedgangen kom både lokalt og nasjonalt. Trass i fleire store familiefilmar hadde vi ikkje dei verkeleg store norske suksessane i 2017. Det slår ut på totalbesøket, forklarer Kristine Brungot.

God start

Med gode besøk på «Den 12. mann», filmen om Jan Baalsrud si flukt frå tyskarane under den 2. verdskrigen, kan Sjøborg kino notere seg for ein god start på det nyhe året.

– 2018 vil by på mykje spennande når det gjeld kinofilmar, seier Brungot. Den norske katastrofefilmen «Bølgen» var ein publikumssuksess i 2015. I år kjem ein film frå dei samme folka, nemleg «Skjelvet», der handlinga er lagt til Oslo.

– Av internasjonale storfilmar kan vi glede oss til mellom andre «Mamma Mia 2», «Jurassic World: Fallen Kingdom» og neste «Star Wars»-spinoff, nemleg «Han Solo: A Star Wars Story», avrundar Brungot.