Tilliten til politiet aukar, men nettkrim bekymrar

83 prosent av innbyggjarane har svært stor eller ganske stor tillit til politiet, ein auke på 2 prosentpoeng frå i fjor, viser ei undersøking.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård t.v. og justisminister Per-Willy Amundsen er svært fornøgd med resultata av innbyggjarundersøkinga. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Nyhende

Undersøkinga er gjennomført for politiet av Ipsos, som har stilt spørsmål til nesten 5.500 innbyggjarar.

– Dette viser at politiet leverer, sjølv om dei står i ei krevjande omstilling. Det gjer meg stolt og trygg og viser at Politidirektoratets arbeid er på rett veg, seier justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp).

Han var til stades då politidirektør Odd Reidar Humlegård presenterte resultata frå undersøkinga. Her går det også fram at 95 prosent føler seg trygge der dei bur og ferdast. Dette er hovudleveransen til politiet, påpeikar Humlegård.

– Det er svært gledelege tal, seier han.

Undersøkinga er gjort ti gonger tidlegare. For første gong er nettsvindel den typen kriminalitet innbyggjarane er mest bekymra for å bli ramma av. Heile 32 prosent er svært eller ganske bekymra for dette. Ein like stor del meiner politiet handterer denne typen kriminalitet svært eller ganske godt. Tilliten til at politiet handterer andre typar kriminalitet er høgare.

– Nettkriminalitet er der folk meiner politiet har dårlegast kapasitet, og det har dei rett i. Det er ikkje spesielt for Noreg, det er ei stigande bekymring for og fokus på nettbasert kriminalitet, seier Humlegård.