(Møre-Nytt):

– Vi jobbar steinhardt for å få opna dei fem solstudioa igjen.

Det seier adm.dir. i Brun og blid, Thorbjørn Frantzen.

Tidlegare denne veka vart det kjent at fem solstudio i Spjelkavik, Fosnavåg, Ulsteinvik, Volda og Ørsta er stengde grunna konkurs. Det vart 4. januar etter oppbod opna konkurs i to selskap som står bak solsentera.

Frantzen fortel at dei ikkje var budde på konkursen, og at dei difor no jobbar for å nøste opp i alle trådane.

– Det er mykje byråkrati.

Men han er klar på at det er deira intensjon å få opna studioa igjen, så snart som råd.

– Noko tidspunkt kan eg dessverre ikkje gi, det ligg ikkje i våre hender.

Brun og blid er ei franchise-kjede, og det er Jarleif Knoppen frå Larsnes som står bak dei to selskapa som har drive solstudioa.

– Men det er Brun og blid som eig solaria, og det er vårt ønske og vårt mål å få opna att så snart som råd, seier Frantzen.

Saka var først publisert i Møre-Nytt