I samarbeid med Ulstein bibliotek ber Abdi og Aske inn til ope møte på biblioteket måndag 22. januar.

I panelet sit sokneprest Margit Lovise Holte og imamen Hamid Farooq. Spørjetimen har fått tittelen «Korleis kan religionen tilpasse seg samfunnet?»

Samlinga er meint til dialog og refleksjon. Dette er ein sjeldan og ny moglegheit for alle til å stille dei spørsmåla dei måtte ha om temaet.

– Ingen vil bli klubba ned?

– Nei, her det er berre å stille dei spørsmåla ein har, svarer Iselin Aske og Ali Abdi.

Møtet er ope for alle interesserte. Dei håpar særleg at folk som jobbar med innvandrarar og at lokalpolitikarane kjem. Dette er i grunnen relevant for heile samfunnet. Skal ein bryte ned fordommar og skape inkludering er det viktig at alle tar del og får kunnskap.

– Ein må provosere med respekt og få fram hindringane, setje dei på dagsorden og skape ei betre forståing, seier Abdil.

– Me har fokus på løysingar, det enkle er ofte det beste, meiner Aske.