Ein brannstudie frå 2013 viser ifylgje NRK at heile to tredelar av dei 264 brannsjefane her i landet var deltidstilsette med ansvar for lovpålagde oppgåver.

Men no føreslår Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap at det må tre kvalifiserte personar i heil stilling til for å leia brann- og redningstenesta i kommunane. Forslaget byggjer på rapportar frå ei rekkje storbrannar dei seinare åra.

– Det er heilt utenkjeleg at vi skal klara dette åleine, seier ordførar i Stranda kommune Jan Ove Tryggestad (Sp) i ein kommentar til NRK.

Kommunen har ein brannsjef i full stilling, medan resten av brannvesenet er basert på deltidsteneste.

Direktoratet meiner løysinga er at kommunane samarbeider om brannvern. Ordførar i Sandøy Oddvar Myklebust meiner derimot dette kan bli ei utfordring i samband med kommunesamanslåing og kommunar som har valt å stå åleine.