(Sunnmørsposten):

Dette får Sunnmørsposten stadfesta via kommunikasjonsavdelinga i Ulstein Group torsdag morgon.

–Det er svært leitt å måtte seie opp medarbeidarar som vi gjerne skulle hatt med oss vidare. Marknaden har vore svært krevjande og ordreinngangen for Ulstein Power & Control har vore svak over lengre tid, seier konsernsjef Gunvor Ulstein via kommunikasjonsavdelinga.

Omstilling tek tid

Og Ulstein held fram:

– Omstilling tek tid og det krev mykje ressursar. Vi har tru på at dei endringane vi gjer, med å etablere to eigne selskap som skal ha fokus på Produkt og Service, skal styrke oss framover.

I meldinga frå konsernet går det fram at marknaden har vore svært krevjande dei siste åra, noko som har gitt for få ordrar for Ulstein Power & Control (UPC) både i 2016 og 2017.

Selskapet står difor overfor ei krevjande omstilling og omorganisering.

Skiljer ut eige selskap

Produktområdet, med mellom anna satsinga på automasjon og X-Connect®, blir skilt ut i eit eige selskap, det same gjeld for området Service. Til saman vil det likevel kunne bli ein reduksjon av om lag 20-25 stillingar, opplyser konsernet.

Dei to selskapa innan Produkt- og Serviceområdet vil bli lagt inn under andre område i konsernet. Om lag 35-40 personar vil jobbe i desse to selskapa.

Denne saka var først publisert i Sunnmørsposten