Berte Holstad Engen, leiar i kontrollutvalet i Hareid, presiserer at kontrollutvalet ikkje er eit klageorgan. Dei kan ikkje gjere om på vedtak, men vil sjå om alt har gått formelt rett og riktig for seg.

Dette har ho også informert Roy Bikset, Com-Net Maskin AS, om. Vil han klage på vedtaket skal han gjere det til kommunen, eventuelt til KOFA (Klagenemnd for offentlige anskaffelser).

Kontrollutvalet i Hareid vil på første møte få ei orientering frå administrasjonen og sjekke opp at alt er gjort korrekt.