Dei to sosionomane arbeidde i lag på mottaket for einslege mindreårige flyktningar på Hareid før det vart lagt ned. Som namnet på det nystarta firmaet deira røper er dei nokså ulike. Abdi har eit ikkje-vestleg namn. Han har vakse opp i Oslo etter han kom til Noreg på familiegjenforeining som 10-åring. Mora kom frå Somalia. Aske er eit norsk namn. Ho er kvinne, han er mann. Ho er ateist, han er muslim.

– Så det går greitt for deg som mannleg muslim å jobbe i lag med ein kvinneleg ateist?

– Ja, det går heilt fint, ler Abdi.

Aske legg til at dei har hatt ein del interessante samtalar. Ho meiner det er viktig at ein ikkje berre feier under teppet skilnader, men at ein grip fatt i dei og diskuterer skikkeleg. Sjølvsagt med respekt.

Kompetanse og erfaring

Abdi & Aske vil selje og tilby råd og rettleiingstenester som gir varige løysingar for auka integrering og for å få innvandrarkvinner i arbeid. Dei vil undervise både innvandrarar og tilsette som jobbar med innvandrarar, anten det er gjennom barnevern, NAV, lærarar eller private bedrifter.

Dialog og refleksjon er sentralt for arbeidet deira. Dei vil rettleie foreldre og arbeide mot ungdom for å hindre radikalisering.

– Det handlar mykje om kultur- og religionsforståing, forklarer Aske. Ho meiner me aldri kan oppnå integrering utan forståing for kva som er kultur og kva som er religion. Dei ulike faggruppene som arbeider med innvandrarar har ikkje denne kunnskapen i dag, då blir det lett for at innvandrarar kan skulde på religion eller kultur om det er skikkar dei ikkje vil ta til seg, og det blir i for stor grad akseptert.

Samarbeider med ein imam

Iselin Aske har innsett at ho som kvit kvinne innimellom kjem til kort i dialog med muslimske innvandrarar, men det fines gode løysingar. Då ho var mottaksleiar i Hareid fekk ho imamen Hamid Farroq til å kome å snakke med ungdomane. Ein del muslimar har feil informasjon om eigen religion. Ein del er analfabetar og kan ikkje sjølv gå til skriftene, men baserer trua si på kva dei har fått fortalt, og det er ikkje alltid det stemmer.

Abdi & Aske vil halde fram samarbeidet med denne imamen. Han kjem til eit ope møte dei skal ha på Ulstein bibliotek 22. januar (Sjå sak under).

– Ingen andre aktørar har eit slikt samarbeid med imamar som me har, slår Aske fast.

Abdi meiner det handlar om å gje innvandrar dei rette verktøya for korleis ta vare på eigen religion og samtidig tilpasse religionen til samfunnet i Noreg.

– Viktig at kvinnene kjem seg i arbeid

– Det er store utfordringar knytt til auka arbeidsløyse mellom innvandrarkvinner. Det er viktig at kvinnene kjem seg i arbeid. Om ikkje kjem ikkje borna seg i barnehage, noko som fører til at dei ikkje kan norsk når dei byrjar på skulen, så må skulane nytte store ressursar på dei. I tillegg fører det til at ein del barnefamiliar lever under fattigdomsgrensa, seier Aske og meiner at problema fort ballar på seg. Difor er det viktig å gripe fatt i utfordringane så tidleg som mogleg å få gjort noko med det.

- Dette er også dyrt for Ulsteinsamfunnet, det er viktig at dei får naudsynt hjelp for å kome seg i arbeid, seier Abdi oppglødd.