Miljødirektoratet er i gang med tiltak for å rydde opp i marin forsøpling og har sett av 80 millionar i tilskot til idear for å rydde havet.

– Marin forsøpling og spreiing av mikroplast er eit raskt aukande miljøproblem. Det truar dyrelivet langs kysten og i havet, det er ein fare for sjømaten og faktisk all bruk av kyst- og havområda, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

– Vi arbeider globalt, regional og nasjonalt for å løyse dette. FNs miljøforsamling vedtok nyleg, etter forslag frå Noreg, eit globalt mål om å stanse all tilførsel av plast til verdshava.

I fjor fekk Miljødirektoratet inn 200 søknadar om tilskot. Pengane kan gå til opprydding både i strandsona, langs elvebreidder og på havbotnen. Ein kan søke om støtte til koordinering av ryddeaksjonar, transport og innlevering av avfallet til godkjent mottak, inkludert eigarlause fritidsbåtar. Prosjekt som har førebyggjande effekt, kan også søke støtte.

– Det er eit aukande engasjement over heile Noreg for å redusere plastforsøplinga. I fjor deltok nesten 50.000 menneske i ryddeaksjonar, fleire enn nokon gong. Dei rydda imponerande 1.400 tonn marint avfall. Også mange andre gode prosjekt fekk støtte slik som til informasjonskampanjar og å finne alternativ til botnstoff på båtar, fortel Helgesen.

Fristen for å søke er 15. februar.