Det heile starta med at Andreas Grimstad såg eit skriftteikn på nettet som han tykte var tøft. Teiknet er ordet «kjærleik» på hindi, pyaar. Dette har også gitt namnet til Andreas sitt vesle føretak, Pyaar Clothing som sekstenåringen driv frå guterommet heime i Bugarden i Ulsteinvik.

– Utgangspunktet var at eg tenkte det kunne ha vore kult å ha hatt ei t-skjorte med dette teiknet på, seier han.

Som sagt å gjort. Andreas tok med seg den vesle idéen sin til Arbiro i Ulsteinvik, ei verksemd som jobbar med profilering og trykk på tekstilar.

– Der har eg fått veldig god hjelp heile vegen, seier han. I staden for t-skjorter er det førebels genserar som utgjer produktutvalet.

Likar å finne ut ting

– Eg er nok ein type som likar å prøve og utforske ting. Då eg var yngre bygde eg maskiner av lego og laga snøplog til leikelastebilen min, mest for å finne ut korleis ting fungerer.

Nyfikne var i grunnen utgangspunktet for dette prosjektet også. Eg gidd ikkje å berre gå rundt med ein idé, eg ønskjer å gjennomføre han også, sjølv om eg ikkje alltid tenkjer over konsekvensane av det eg måtte finne på, innrømmer han.

Ikkje big business – enno

Det er ikkje akkurat noko millionføretak dette, førebels går han nokolunde i balanse.

Delar av eit eventuelt overskot vil gå til gode formål, etter modell frå til dømes den amerikanske skoprodusenten TOMS som nyttar inntektene sine til å støtte humanitære formål.

– Namnet på klesmerket mitt tyder jo «kjærleik», så det passar bra å kunne vere med på å hjelpe andre, seier Andreas.

Han har allereie selt eit lite parti genserar, mest til vener og familie. Nye genserar er under bestilling hos Arbiro.

– Heilt i starten bestilte eg nokre genserar frå Kina. Det synte seg at storleiken medium i Kina tilsvarer extra small her i Noreg, fortel Andreas.

Går på vidaregåande

Gensergründeren går første året på idrettslinja ved Ulstein vidaregåande.

– Sjølv om nokon kanskje tykkjer det er litt risky å bestille genserar av ein 16-åring, har eg selt nokre plagg til medelevar på skulen. Det er litt artig og spesielt å sjå folk gå rundt i mitt klesmerke, seier Andreas som tykkjer det var stas berre å sjå det ferdige produktet.

Sjølv om det er kjekt å oppleve at ein idé vert sett ut i praksis, har Andreas sett seg eit nytt mål. Den neste utfordringa vert å auke salet av genserane.

– Eg har ikkje gjort så mykje for å marknadsføre dei, anna enn å legge ut bilde og omtale på sosiale media. Målet er å få ei nettside for å kunne presentere produkta skikkeleg, seier ungguten som fortel at han har ei todelt haldning til dette prosjektet.

Avslappa og fokusert

– Samstundes som eg har ei avslappa og laid-back haldning til det heile, er eg også fokusert på å lære og setje meg inn i dei ulike delane av prosessen. Det har vore både gøy, interessant og veldig lærerikt.

Sjølv om eg har gjort det enkelt, som til dømes å bestille kleda gjennom Arbiro, er det litt meir omfattande enn eg hadde trudd. Og det er ikkje ein gong i nærleiken av kva som må til dersom dette skulle verte eit stort firma.

Eg har oppnådd målet mitt, som var å lage eit produkt. Alt anna som kjem etter dette er rein bonus.

Andreas nyttar førebels sosiale media som marknadsføringkanal for produkta sine. Fotostudioet består av ein spotlight og ein soveromsvegg. Foto: Jorulf Myrene