Politiet i Møre og Romsdal melder laurdag om ein kollisjon mellom to bilar på Eiksundbrua. Det var til saman fem personar i dei to bilane.

Naudetatane er på veg til staden.

Ifølgje tips frå folk på staden ser det ut til at den eine bilen har blitt køyrt inn i bakenden på bilen framom.

Politiet melder også at Eiksundtunnelen blir stengt på grunn av hendinga. Det har vore tre vaksne og to barn i dei to bilane. Dei involverte får behandling av ambulanse på staden. Politiet melder at ingen vart fastklemde etter samanstøyten og at alle dei involverte er ute av bilane.

Både politi, helsepersonell og brannvesen er på staden.

Tre av personane som var involvert i ulukka, ein vaksen og to barn, blir frakta til sjukehus med luftambulanse for vidare undersøkingar, melder politiet i ei oppdatering frå staden.

Lette og moderate skader

Ålesund sjukehus rapporterer at det er ei kvinne og to barn som har blitt behandla ved sjukehuset. Kvinna og eitt av barna har moderate skader etter ulukka. Statusen for begge er stabil. Det andre barnet har lettare skader.

Tunnelen vart opna for trafikk ca. 14.35.