Anne Vasstrand, biblioteksjef på Hareid folkebibliotek, kan med glede fortelje at både besøkstala og utlånstala har gått opp frå 2016 til 2017. Ho fortel at medan Ulstein bibliotek hadde stengt tre månader i haust, var det mange frå Ulstein som tok turen til biblioteket på Hareid, noko som berre var triveleg.

Sidan Ulstein bibliotek i 2017 var i ein veldig spesiell situasjon, med stengt tre månader på grunn av flyttinga frå Bjørndals Minne til Ulstein Arena, har ikkje biblioteksjef Mona Iren Auganæs tilsvarande statistikk på besøk og samla utlån. Men ho ser at no som dei har opna i nye lokale strøymer her på med folk. Fleire seier at dei aldri har brukt biblioteket før, og no treng dei lånekort. Ho er spent på korleis alle desse nye brukarane av biblioteket vil slå ut på neste års statistikkar.

Mykje likt

Det er ein del av dei same bøkene og forfattarane som går igjen på listene for Ulstein og Hareid, men der er også noko ulikt.

– «Vær snill med dyrene» av Monica Isakstuen er ei fantastisk bok! Eg har anbefalt den for ein del og no ende den på sjuandeplass over dei mest lesne skjønnlitterære bøkene for vaksne, fortel Auganæs.

Ein forfattar mange kvinner på Hareidlandet er glade i er Lucinda Riley. Ho ligg på førsteplass både i Ulstein og Hareid. I Hareid har ho fem bøker på topp ti-lista, i Ulstein tre. Dette er bøker som ein gjerne les fleire av om ein likar ei. Elles er Hoem populær, det gjeld båe kjønn.

Stort utlån av lærebøker

I kategorien fagbøker finn ein mykje lærebøker. Biblioteka kan tilby teoribøker for køyreopplæring på både norsk, engelsk og arabisk.

Elles går det ein del i strikkebøker og oppskrifter til å bli meir lukkelege, som Synnøve Skarbø si bok «Slik ryddet jeg meg lykkelig». På topp i båe kommunane finn me «To søstre» av Åsne Seierstad, på andreplass årsskriftene til Ulstein Historielag og Hareid historielag.

Leselandbøkene er populære

Det Norske Samlaget har dei siste åra gitt ut ein ny serie med lettlesne bøker for born, på nynorsk. Desse bøkene viser seg å vere særs populære mellom lånetakarane i Ulstein og Hareid. Både faktabøkene og dei skjønnlitterære bøken. Ein del av leselandbøkene har dei fleire av, for det er så mange som vil låne dei.

Høgt oppe på listene finn me også boka Ingunn Røyset har skrive om Jorun Emilie Waage, «Brevet frå krigen».

Båe biblioteka har arbeidd bevisst for å få opp utlånet på nynorske barnebøker, og det har gitt resultat. Det seier også at skulane og barnehagane har blitt mykje flinkare å låne nynorske barnebøker. Og dei har eit godt samarbeid med dei lokale mållaga.

Biblioteka har også gode erfaringar med Sommarles, då er det mange unge lånetakarar innom biblioteket.

Mest krim på E-bøker

Utlånet av e-bøker er framleis ikkje så høgt, men det er på veg oppover. Auganæs fortel at det snart kjem ei ny e-bok-løysing, noko som gjer at det vil bli meir populært å lese bøker på mobil og lesebrett.

Det er krimbøker som toppar statistikken til e-bøker, men også her finn me «Arv og miljø» av Vigdis Hjort.

Det er ikkje så mange barn som les e-bøker, noko Vasstrand forklarer med at utvalet for dei ikkje er så godt.