Leiarkrisa har på nytt råka Hareid sanitetslag. For fire år sidan gjekk laget ut i Vikebladet Vestposten og etterlyste ny leiar. Då melde Kari Britt Løset seg til teneste.

–Eg var sjølv ein flittig brukar av varmtbadet på Hareid og utan leiar ville laget vere nøydde til å legge ned dette tilbodet. Difor sa eg ja til å sitje som leiar i Hareid Sanitetslag dei to neste åra. Då dei to åra var gått hadde eg flytta til Ulsteinvik, men sa likevel ja til å sitje ein ny periode, ettersom ingen melde seg, fortel ho.

No har det i alt gått fire år sidan ho vart leiar og 15. februar er det tid for nytt årsmøte i Hareid sanitetslag. Utan at nokon har meldt seg som ny leiar.

Tungvint

– Det vert for tungvint å skulle ha eit verv i Hareid når eg bur i Ulsteinvik, så no håper eg at nokon i Hareid vil ta over. Sjølv var eg ikkje medlem i Saniteten då eg tok på meg leiarvervet. Etter at eg gjekk inn i organisasjonen har eg verkeleg fått auga opp for alle dei gode tiltaka som Saniteten står bak. Det har vore ei utruleg kjekk og lærerik tid, seier Løset.

Ho kan fortelje at leiaren for Hareid sanitetslag har ei administrativ rolle.

– Det praktiske arbeidet vert utført ute i dei tre arbeidslaga vi har i Brandal, på Bigset og i Hjørungavåg. Som leiar er det mi oppgåve å kalle inn til styremøte, søkje om offentlege midlar og slike ting. I samarbeid med nestleiaren har eg laga eit årshjul for å gi ei oversikt over kva som går føre seg i saniteten til ei kvar tid. Elles stiller eg meg til disposisjon for å hjelpe den som tek på seg leiarvervet.

Mange medlemmer

Ho fortel at i medlemstal er Hareid sanitetslag det største i distriktet, med sin rundt 300 medlemmer. Men berre rundt 60 av desse er aktive.

– No rettar vi oss mot dei yngre kvinnene. Mange av aktivitetane våre burde appellere til dei yngre damene. Dette er ei målgruppe som mange organisasjonar konkurrere om å nå. Det er gjerne slik at ein engasjerer seg i den organisasjonen der borna er aktive.

Hareid sanitetslag har mellom anna, i samarbeid med Sparebanken Møre, arrangert førstehjelpskurs for 8.-klassingar. I tillegg har vi Lesevenn ved skulane på Bigset og i Hjørungavåg, der ei dame frå saniteten les for borna på SFO, noko som både skaper leseglede og kontakt mellom barn og vaksne, seier Løset.

Mange kjenner nok til fastelavensrisa som saniteten sel kvart år. I år vert desse risa mellom anna å få tak i ved daglegvareforretningar i Hareid 9. og 10. februar.

Ein del av inntektene av salet skal i år gå til varmtbadet på Hareid. Hareid Sanitetslag står som drivar av varmtbadet, eit tiltak der dei særleg dei siste åra har lagt ned store ressursar. Utan ein formell leiar kan ein i verste fall verte nøydd til å legge ned drifta ved varmtbadet.