I eit høyringsnotat som gjekk ut tysdag, blir endringa grunngjeven med eit raskt fallande postvolum og dermed stigande kostnader. Målet er å spare 500 millionar kroner årleg frå 2020.

– Postens oppgåve er ikkje å levere overskot, det er å levere gode posttenester til alle i heile Noreg, skriv Senterpartiets stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik i ein e-post til NTB.

Han meiner argumentet om at behovet for post kvar dag blir borte på grunn av ny teknologi ikkje held.

– Mange av dei som får eit dårlegare posttilbod med forslaget frå regjeringa, er dei same som frå før manglar tilgang til høgfartsbreiband og som har lang veg til post i butikk. Dessutan er det framleis mange som ikkje beherskar eller er fortruleg med bruk av data og internett, og mange viktige sendingar både av brev, pakker, lab-prøvar og medisinar kan ikkje sendast digitalt, påpeiker han.

I staden meiner partiet at laurdagspost bør innførast igjen.

– Det same bør skiljet mellom a- og b-post. I vårt alternative budsjett for 2018 foreslo vi 100 millionar kroner ekstra til dette, skriv han.