– At Venstre no kjem i regjering trur eg er bra for både landet og partiet, kommenterer gruppeleiaren for Ulstein Venstre.

Han var på landsstyremøte i helga og var med på å godkjenne regjeringsplattforma på 84 sider. Han kan fortelje at det var god stemning på møtet.

– Kva er det som er bra med Venstre i regjering?

– Det blir ei grønare og rausare regjering med Venstre enn utan, svarer Grødahl og viser til at dei vil prioritere skule, dei får verna Lofoten, Vesterålen og Senja og Mørefelta for oljeboring og dei vil skape nye arbeidsplassar innan klima og miljø. – Det siste synest eg er viktigast, at det blir skapt nye arbeidsplassar for framtida.

– Mykje kjensler

Grødahl har fått med seg at fleire V-politikarar no vil melde seg ut av partiet, og at partikollega Gunn Berit Gjerde er skuffa og seier til media at ho vil ha vanskeleg for å drive valkamp for partiet.

– Det er deira syn. Eg trur det går mykje på kjensler på tema som flyktningar og innvandring. Eg kan jo forstå det også, men at nokre Frp-arar uttaler seg litt spissformulert om flyktningar enn ikkje V sitt problem, men Frp, seier Grødahl og er overtydd om at både miljøet og flyktningar får det betre med V i regjering, enn om H og Frp skal styre aleine.

– Det blir fleire kvoteflyktningar, seier Grødahl.

– Jau, men det er vel berre om det ikkje kjem så mange hit på anna vis?

– Ja, men det gjer det jo ikkje, for grensene er stengde, så det fører til fleire kvoteflyktningar, meiner Grødahl og meiner det blir viktig å arbeide for god integrering framover. Venstre har mellom anna fått gjennomslag for at innvandrarane skal få kome seg i arbeid tidlegare, det er viktig både for integreringa og for at me som nasjon skal ha det bra framover.

Han meiner det er ein del dei tre borgarlege partia er samde om. Det vil dei byggje vidare på. Mellom anna er ikkje kommunereforma over, men i kva form ho går vidare er han ikkje sikker på. Sjølv med V på laget er regjeringa i mindretal.

Framleis med i Venstre

Etter det vart klart av Venstre skal i regjering med Høgre og Framstegspartiet, skreiv NRK at fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde er på veg ut av partiet. Til Vikebladet Vestposten presiserer Gjerde at Venstre framleis er partiet hennar. Ho har ikkje meldt seg ut. Men det ho har sagt er at for henne vil det vere vanskeleg å drive valkamp for Venstre framover.

– Problemet er todelt. Mange av oss har stått i valkampen og sagt at det ikkje er aktuelt for Venstre å gå i regjering med Frp. Det er problematisk for meg å seie ein ting og gjere noko anna. Ja, me er eit lite parti som ikkje alltid får gjennomslag for politikken våre, men i dette tilfellet avgjer me sjølve, ein kan seie ja eller nei, seier Gjerde og legg til at ho i valkampen sjekka opp med partileiinga om det var aktuelt å gå i regjering med Frp. Ho oppfatta det som veldig tydeleg at det var uaktuelt, difor sa ho også det sjølv.

Det andre problemet er at når ein går inn i ei regjering må ein stå inne for det som vil kome frå regjeringa. – No veit ikkje eg kva som vil kome, men me har sett kva som har kome til no, seier Gjerde.

Ikkje mistillit til leiinga

Gjerde presiserer at ho ikkje har mistillit til leiinga av Venstre og dei som har eit anna syn enn henne i denne saka. Ho synest det er synd at V no skal til med dette, for ho synest dei aldri har hatt så stor semje i partiet som no. Der er ingen fiendskap i partiet og dei har god dialog.

Ho kan ikkje svare på kva som må til for at ho melder seg ut, eller får igjen glød til å drive valkamp for dei. men ho synest det har kome fram mykje flott i regjeringsplattforma. – Eg synest det er bra at Mørefelta blir likestilte med Lofoten, Vesterålen og Senja. Dette er gytefeltet for fisken. Eg håpar at denne fredinga gjer at ingen foreslår på Mørefelta i neste periode, slår Gjerde fast.

Gunn Berit Gjerde håpar at Pål Farstad blir havromminister i den nye regjeringa. Dette er eit felt ho meiner fortener ein eigen ministerpost. Det er eit spennande felt og handlar både om det som lever i havet og havbotnen. Foto: Arkiv