Den sterke vinden og vinterforhold har ført til ein del forsinka og kansellerte fly i dag. Men Avinor oppmodar alle reisande om å møte osm normalt og følgje instruksane dei får frå flyselskapet sitt.

Hovden

Morgonflyet i dag til Oslo frå Ørsta-Volda Flyplass vart kansellert. Flyet som skulle gå til Oslo kl 10.25 reiste først kl 12.28.

I følgje ruta skal det gå eit fly til Oslo kl 15.45, det er utsett til kl 16.05.

Vigra

Frå Vigra vart flyet som skulle ha gått til Oslo kl 06.10 innstilt. Flyet som skulle gå kl 06.20 gjekk kl 08.40. Eit fly som skulle til Bergen kl 07.05 gjekk kl 09.07. Men der er også ein del fly som heldt rutene sine, eller berre reiste nokre få minutt over tida.

Det skulle gå eit fly til Oslo kl 14.20 som vart innstilt.

Flyet som skal fly til Kristiansund og Trondheim kl 15.55 har fått ny tid kl 16.20.

Etter planen skulle det lande eit fly frå Gdansk kl 15.55, men det har fått ny tid kl 15.37. Kanskje det har fått medvind?